Restaurering av fartøy og båtar

Hardanger fartøyvernsenter har lang erfaring med restaurering av fartøy, båtar, innreiing av stålfartøy, rigging og smiing. Arbeidet skjer i nært samarbeid med eigar. Som båt- eller fartøyeigar kan du òg få bistand i ulike faglege spørsmål som tilstandsvurdering, kostnadsoverslag, vedlikehald m.m.

Restaurering av mindre båtar.

Fartøyvernet er i stadig utvikling. Som kompetansesenter og verft ønskjer me å bidra til høgt kulturvernfagleg nivå, i samråd med Riksantikvaren sine retningslinjer og planer for vernefeltet. Vern og bruk av gamle fartøy handlar om å ta vare på materielle leivningar frå fortida. Men det er òg ein skule i å ta vare på gamle kunnskapar og dugleikar. Sidan dei fleste fartøy er i ein eller annan form for drift er det vidare eit spørsmål om tryggleik på sjøen.

Mellom 15 og 20 handverkarar er fordelt på fag som trebåtbyggjar, skipstømrar, skipssmed, innreiingssnikkar, riggar, reipslagar. I tillegg kan det vera fire lærlingar. Eit viktig mål for fartøyvernsenteret er å føra vidare handverkskunnskap i eit langsiktig perspektiv. Ved fartøyvernsenteret er det skapt eit miljø kor denne kunnskapen kan leva vidare.

Du som fartøyeigar kan få utført oppdrag innan:

  • Restaurering
  • Båtbygging
  • Trearbeid
  • Smed- og mekanisk arbeid
  • Reipslaging
  • Rigging
  • Synfaring og tilstandsvurdering
  • Prosjektering
  • Konsulentoppdrag
  • Kurs i vedlikehald og ulike handverk
  • Historisk og teknisk dokumentasjon