Tauet til "Harald Hårfagre" er kraftige saker

Reipslager Ingunn Undrum har lenge jobba med å slå reip til rekonstruksjonen av leidangsskipet "Harald Hårfagre". Sjå på bildene som visar dei store dimensjonaane og prosessen. Båten blei sjøsatt juni 2012 og seglar no med naturfiber tau og segl.

 

Ingunn har saman med seg lærling Sahra Sjøgren vore på reiperbanen i Älvângen i Sverige der dei er i gang med å lage riggen til draken "Harald Hårfagre". Riggen skal vera i tjøra hamp. Største dimensjon er 66 mm i diameter. Det er sjølve staget som er så tjukt.

Første steg i prosessen var å reinska fleire tonn med hampegarn for knutar. Garna er importert frå Kina og Ingunn er veldig nøgd med kvaliteten av hampegarna. Grunnen til at dei slo taua i Sverige er at banen i Norheimsund er for kort. Så tjukke dimensjonar krev dessutan ein utdrivarmaskin. Ein slik maskin har me ikkje på fartøyvernsenteret, derfor må reipslagerane våre til Älvängen.

Utdriving

I Norheimsund lager vi kordelar til taua med middelalderteknikk. Det inneber at dei einskilde garna blir strekt ut i riktig lengd og deretter tvinna til kordel ved hjelp av ein roterande krok. På den måten vert ikkje alle garna like stramme eller strekt i kordelen. Dei innerste garna vert liggande slapt i midten, mens dei i ytterkant må tole mykje meir strekk. Det betyr at styrken i garna ikkje vert utnytta fullt ut når tauet vert over 30 mm tjukt.

I ein kordel som er lagd med ein utdrivarmaskin, vert garna i kordelen like stramme og styrken i garna vert utnytta maksimalt. Sjå på bileta.

Historikk om leidangskip

Hordalendingane måtte stille med 24 leidangskip på storleiken til "Harald Hårfagre". Det same måtte rogalendingane. Det var fastsett i Gulatingsloven. I dag verkar det nesten umenneskeleg at vi skulle ha 24 slike store skip berre i Hordaland. Dei skulle byggjast, utrustast og bemannast.

Segling

Under råseilseminaret på Skudesnes i september 2012 fekk repslag Ingunn Undrum være med og segla. Sjølv om ikkje det var veldig mykkje vind så fekk ein sjå store krefter som jobber med tau. Det kan man sjå på bileta.

Under finn du link til rapportar, filmar og andre nettsider som handlar om draken "Harald Hårfagre".

Film om reipslaging av selskinn

Heimesida til prosjektet

Film om byggingen


Link til Reperbana i Älvängen

 

Flere bilder

  • Spolestativet
  • Dette er absolutt ingen vase.
  • Dei fyrste garna dras gjennom munnstykket
  • Reipslager Bernt Larson med garn og registerplata i bakgrunnen
  • Registerplata med garna og kordelen som vert forma i munnstykket. Det er dette som er utdriving.
  • Gogn med tre veivar. Slåing på middelaldervis.
  • Samkjørt sveiving av gognen
  • Akterkrok, tauet byrjer å ta form. Toppen kviler i toppvogna.
  • Toppen, dette eksemplaret er saftig.
  • 48mm slås
  • Ingunn slår 48 mm. Vi ser to meddreiere langs banen.
  • Konsentrasjon om vinkel og slagning
  • 66mm fireslått med 12 mm kalv.
  • Kveil med 48 mm
  • Vakre tau, 12mm, 48mm og 66mm tjæra hamp.
  • Skudesneshavn
  • Dragspelet
  • Dragspelet med noe av draget på. Du ser tydeleg korleis tauet vert tynnare og tjæra tyter fram når tauet får strekk på seg.
  • Underliket, seilet står fint.
  • Spindelvev
  • Masse å holde styr på.