Handslått tau av naturfiber

På reiparbanen ved Hardanger fartøyvernsenter kan du kjøpa handslått tau. Me har landets einaste reiparbane som er i bruk. Her vert produsert og selt handslått tau av hamp, manila, kokos, lindebast, hestetagl, hud og hår. Me lagar også tau av kunsthamp (polypropylen). Handverket baserer seg på teknologi frå mellomalderen, og vert laga på reiparbanen vår som er 80 m lang. Når tauet vert slått for hand, er det lett å tilpassa det til den bruken tauet skal ha.

Me leverer tauverk til ei mengd ulike føremål som tau til rigg på båtar, til seglmakarar, museum, hestehald, lasso, dekorasjon og rekkverk. Me deltek også i prosjekt med å rekonstruera båtar og fartøy frå tidlegare tider. Dei viktigaste kundane våre er tradisjonelle båtar og fartøy. I slike prosjekt er heilskapen viktig og då lyt det vera handslåtte tau og reip i riggen.

Reipslaging er eit handverk som vekkjer interesse, ikkje minst når folk får vera med på prosessen. Banen vår er open for publikum, og me tek gjerne mot besøk. Det er populært at faget vert vist og formidla. Me dreg også ut og held kurs og foredrag. Då kan me ha med oss ei lita, mobil reiparbane der ungar og vaksne kan laga sitt eige tau.

I 1995 fekk Hardanger fartøyvernsenter eigen reipslagar. Då var det meir enn 40 år sidan at nokon hadde teke fagbrev som reipslagar her i landet. Seinare har tre andre gått i lære ved fartøyvernsenteret som er åleine i Noreg om halda det tradisjonsrike faget i hevd. Faget blei igjen godkjent som eget lærefag august 2013.

Den unike fagkunnskapen vår vert nytta i forsking og når historisk bruk av tau vert dokumentert og rekonstruert.

Ingunn Undrum og Sarah Sjøgren er reipslagarar ved Hardanger fartøyvernsenter.

Epost til reiperbanene er reip@hvm.museum.no

 

Filer

Flere bilder

  • spoler
  • kveiler
  • klassebilde