Ofte stilte spørsmål

Vi får mange spørsmål på telefon og e-post og prøver å svare etter beste evne. Mykje informasjon finst i artiklar i tidsskriftet Fartøyvern, boka Flytende kulturminnerog i andre bøker. Sjå under Artiklar her på nettstaden for utfyllande stoff. Spørsmål kan du òg stille i diskusjonsforum (sjå menypunktet Kjelder på nettet).

Her har vi samla ein del spørsmål og svar. Dersom du har kommentarer, send gjerne ein e-post til red(at)fartoyvern.no.

Spørsmål:

Kvar kjøper de trematerial?


Svar:

Vi har fleire ulike leverandørar og det kjem an på treslag, storleik, dimensjon, mengd og kvalitet. Furu kjøper vi ein del lokalt i Hardanger, elles frå større leverandørar. Eik kjøper vi frå Danmark og Sverige.

- - - - -

Spørsmål:

Kvar kan eg finn byggeteikningar, t.d. til styrehus?

 

Svar:

Hardanger fartøyvernsenterhar ein del teikningar. Men det er stort sett berre dei teikningane vi har laga sjølve vi lov til å selje vidare. Sjå liste i Bokhandelen her på nettstaden. Norsk maritimt museum har eit stort teikningsarkiv der det er råd å kjøpe kopiar. Norsk handverksutvikling har ein del teikningar av båtar. Andre museum og fartøyvernsentrahar òg teikningsarkiv, men det finst ingen samla oversikt så vidt vi kjenner til.

- - - - -

Spørsmål:

Eg skal bygge ein pram og har fått anbefalt å ikkje bruke koparsaum fordi dei vil strekkje seg.


Svar:

Til ein pram er dette ikkje så viktig. Til ein større sjark vil det ha meir å seie om saumen er mjuk eller hard.

- - - - -

Spørsmål:

Korleis kan eg få lage nye lager i hvittmetall til semidieselmotoren min?

 

Svar:

Sjå artikkel frå Fartøyvern, under menypunktet Artiklar

- - - - -

Spørsmål:

Kor tørr skal dekksmaterial vere, og kva andre krav stiller de til slik material?

 

Svar:

Når dekket skal leggast i furu etter tradisjonell metode med driving og beking, bruker vi å krevje at materialen skal vere tørka til 13-14 % relativ fukt. Andre krev vi stiller er at margsida skal vende ned, dei skal vere tettvakse (ca 2 mm årringavstand), alveden (malmen) skal dekke heile undersida og gå ca 1/3 opp på sidene. Plankane skal vere fri for sprekker, blåved, kvaelommer og rotekvist. Kvist skal vere friske, men dei skal ikkje ligge langs kanten slik at dei kan ramle ut. 

- - - - -

Spørsmål:

Kor tørr skal materialane vere når eg skifter ut deler på ei skøyte?

 

Svar:

Generelt omkring 20 % relativ fukt (dekksmaterial: 13-14 %). Dersom materialane skal brukast under vasslinja og skøyta ikkje skal ligge lenge på land, kan du bruke material med noko meir fukt.

- - - - -

Spørsmål:

Kva skal eg smørje skroget med? Nokon seier at eg skal smørje på ei blanding, av rå linolje og terpentin. Utanpå der skal eg ha Benarolje. Er dette noko de vil anbefale?

På dekket og overbygningen er det mahogny. Kva skal eg bruke på det?

Skal eg smørje noko under bunnstoffet, og kva bunnstoff skal eg bruke?

 

Svar: 

Kva ein skal smøre båten med er først og fremst ein smaksak. Det eine kan fungere like godt som det andre. Vi hadde ein erfaren båtbyggjar her som sa at det betyr ingenting kva stoff du bruker til å smørje båten med, berre du gjer det. Poenget er at det er viktig å følgje opp med vedlikehald kvart år.

Kva overflate er det på båten i dag, og kva overflate ønskjer du? Er det lakk frå før ville eg vurdert sterkt å halde fram med lakk, i alle fall nokre år. Ikkje gjer for mye ut av pussen i år, dersom båten er ny for deg. Då vil du kanskje ikkje forbinde anna enn arbeid med båten.

Er båten alt pussa ned på treverket kan du gjerne bruke den blandinga som du har fått anbefalt. Generelt vil ein type olje gje enklare vedlikehald enn lakk.

Mahogny gjer seg best lakkert. Mahogny har små porer der vatn trekkjer inn, derfor er det en fordel å bruke noko som tettar, og passe på å få tørka treverket før frosten set inn (altså båten under tak før frost).

Mahogny vert bleika med åra, derfor kan det vere naudsynt å beise og ikkje minst smørje med olje som trengjer inn i treverket.

Botnstoff: Sjekk kva som er brukt som grunning frå før. Der kan du bruke en primer. Då kan du velje botnstoff fritt.

- - - - -

Spørsmål:

Kva skal eg bruke oppå drevet i natene under vasslinja på en kravellbygd båt?


Svar:

Det finst mange måtar å gjere dette på. Bek, sement og diverse blandingar har vore nytta. Ein måte er å gå over med varm bek ein gong, slik at han brenn seg fast i drevet. Deretter sparkle opp med eit heimelaga kitt etter denne oppskrifta frå Hardanger:

I volumdelar

0,5 del black varnish

1 del kveitmjøl

1 del kritt

1 del sinkkvitt

Kan tynnast med Jotun tynner nr 7.

- - - - -


Spørsmål:

Under vasslinja er det blitt ein del "groper" som skal sparklast. Korleis kan ein lage ei masse som er eigna til dette?

Svar:

Ei blanding av black varnish og kritt gir ei mjuk masse som ikkje herder. Derimot vil ei blanding av black varnish og sinkkvitt gje ei masse som herder.

- - - - -

Spørsmål:

Korleis skal ein unngå dårleg lukt i ein gammal båt?

Svar:

Generelt er det viktig å halde det reint og tørt under dørk/tiljer. Då kan det vere ein fordel at det er måla for eksempel med Arcanol, og at båten vert lensa slik at det ikkje står vatn nedi båten. Elles sørgje for god lufting gjennom ventiler, dørar, luker osv.

Dersom lukta kjem frå rotesopp el. l. må du finne ut kvar rota finst, skifte ut det som er dårleg.

- - - - -

Spørsmål:

Kva skal eg gjere for å få vekk "blåmann" i treverket?

Svar:

Hydrogenperoksid har vore nytta til å fjerne blåved. Men om dette er bra for levetida til treverket er vel heller tvilsamt. Det beste er vel å impregnere det godt med eit stoff som hindrar vidare utvikling av sopp.

- - - - -

Spørsmål:

Korleis skal eg tørke eit masteemne på beste vis?

Svar:

Ein god måte er å la det ligge i sjøen ein periode (t.d. 1 mnd eller meir), så ta det på land og tørke det. Det kan gjerne ligge i flomålet slik at det ikkje ligg konstant under vatn. Utfordringa er å tørke emnet seint slik at det ikkje blir for store sprekker.

- - - -

Spørsmål:

Kva skjer dersom eg set ein vanleg stålmutter på ein bolt av bronse?

Svar:

Dersom bolten og mutteren er i kontakt med sjøvatn vil mutteren ruste raskt. Generelt er det ein fordel å unngå blanding av ulike metall i ein båt som går i sjøvatn.

- - - - -

Spørsmål:

Korleis kan ein klinke hovud på ein bolt av messing (fundamentsbolt til motor)

Svar:

Sjå artikkel om dette under menypunktet Artiklar.

- - - -

Spørsmål:

Kva metall kan eg blande i ein båt?

Svar:

Generelt bør ein unngå blanding av metall. Men det er skilnaden i spenning som er grunnen til at det skjer galvanisk korrosjon. Messing er ein legering av kopar og sink. I sjøvatn vil sink med tida korrodere vekk, slik at t.d. ein messingskrue vil miste styrken.

Galvanisk korrosjon skjer på det uedle metallet, når to metall er i kontakt med kvarandre i ein elektrolytt (sjøvatn). Dette vert utnytta til å beskytte t.d. stål med offeranodar av sink. Sinken vil korrodere til fordel for stålet.

- - - -

Spørsmål:

Kva er årsaken til elektrokjemisk tæring på treverk, og korleis skal ein unngå det?

Svar:

Dette kalles ofte for "lut-råte". Det er som regel treverk som er i forbindelse med metall som blir beskytta av anodar som vert angripe. Men ein kan òg sjå det omkring boltar og liknande.

Har ein først fått angrepet må ein fjerne det øydelagde treverket, nøytralisere med eddik og tørke det ut. Så må ein finne årsaka. Det kan vere for mykje anodar, for høg fukt i treverket, lekkasje eller andre feil i det elektriske anlegget, uheldig blanding av metall.