Alt arbeid som skjer på verna eller freda fartøy må ta
omsyn til fartøyet sin historie. Dokumentasjon er derfor viktig, og
vil vere styrande i planlegging og gjennomføring av eit
istandsetjingsprosjekt. Dette arbeidet er nært knytt til ein
funksjon som vert kalla fellestenester for fartøyvernet. Det tyder
at Riksantikvaren kjøper denne funksjonen av fartøyvernsenteret, og
at arbeidet kjem heile fartøyvernet til gode.
Resultat frå dokumentasjonsarbeidet vert formidla gjennom
rapportar, bøker, seminar og det årlege magasinet Fartøyvern.
Ei viktig oppgåve er å finne fram til informasjon om korleis
fartøy har vore bygd, både generelt og på dei bestemte fartøya som
er til istandsetting. Kjeldene til slik informasjon er eldre
handverkarar, arkivmateriale, foto, teikningar m.m. Slik
dokumentasjon vert nytta av handverkarane når det konkrete arbeidet
på fartøyet tek til. Ei anna oppgåve er å utføre synfaringar på
fartøy på oppdrag frå offentlege og private kundar. Dokumentasjon
av demontering og istandsettingsprosessen gjev oss viktig kunnskap,
og materialet vert formidla vidare mellom anna gjennom rapportar.
Arbeidet med å byggje opp eit mangfaldig kjeldearkiv (foto, bøker,
teikningar, intervju, gjenstandar m.m.) går kontinuerleg og er til
stor nytte i fartøyvernarbeidet.