"Sørlandsseilas med Mathilde"

NRK viste dokumentar frå segling med Mathilde torsdag 7.mars kl  20 45.
Anne Wirsching frå NRK var med på eit familietokt på Mathilde i sommar. Vi segla fra Kristiansand til Risør trebåtfestival med individuellt påmeldte.

"Sørlandsseilas med Mathilde" kan sjåast på nettet.

Anne Wirsching var høgt og lågt med kameraet sitt sommaren 2012. Det var imponerande å  sjå kor iherdig ho var ikkje berre med kameraet, men med programmering på kvelden i skipperlugaren, lenge etter køystrekk. Vi var spente på det ni minuttar lange innslaget. Programmet er eit program i serien "Glimt av Norge". Seinare kjem ein femten minuttar lang variant over same tema. Anne Wirsching fikk fram korleis eit tokt med Mathilde er, og at det er for folk flest. Det er mest landkrabber som ynskjer å segla saman med røynd mannskap som melder seg på tokt med Mathilde.

Flere bilder

  • Fotograf og alt mogleg kvinne Anne Wirsching
  • Filming på heia i Ny Hellesund
  • Kameraet til Anne Wirsching dukka opp på alle tenkelege og utenkelege stader
  • Anne Wirsching filmar bestmann Michael Riley medan han instruerar medseglarane