Med havforskar på hardangerjakta Mathilde

På museumstoktet med Mathilde i mars 2014 vil skuleelevar i Hardanger verta kjend med korleis havforskarane arbeider. Den kulturelle skulesekken i Hordaland har hyrt inn ein havforskar frå Havforskingsinstituttet som vert med på museumstokt.

På museumstoktet får elevane vera med å segla Mathilde. I tillegg fortel og viser havforskaren ein del av det som er gjort for å overvaka Hardangerfjorden. Fjorden er viktig for alle som brukar han og bur langs med han. Men kva liv finst i fjorden og korleis vert fjorden påverka av mennesket sin aktivitet ? I forskingsprosjektet EPIGRAPH har forskarane funne svar på ein del av dei mange spørsmåla. Om bord på Mathilde viser me også filmen «Fjordens liv» som er laga av Randi Storaas og er ein del av formidlinga av frå forskingsprosjektet. Kontaktperson ved fartøyvernsenteret er formidlingsleiar Oddvar Soldal

Toktplan

Veke 11

Måndag 10. mars er felles planleggingsdag for skulane. Mathilde går frå Norheimsund til Nå
Tysdag 11. mars Vikebygd skule 5., 6. og 7. årstrinn, 23 elevar, Nå kai
Onsdag 12. mars Opedal skule, 6.. og 7. årstrinn, 30 elevar, Lofthus kai
Torsdag 13. mars. Opedal skule, 5. årstrinn, 16 elevar, Lofthus kai
Fredag 14. mars. Hauso skule, 5., 6. og 7. årstrinn, 23 elevar, Utne kai

Veke 12

Måndag 17. mars Mathilde går til Eidfjord
Tysdag 18. mars Lægreid skule, 6. og 7. årstrinn, 23 elevar, Eidfjord kai
Onsdag 19. mars Kinsarvik skule, 6. og 7. årstrinn, 28 elevar, Kinsarvik kai
Torsdag 20. mars Øystese skule, 7. årstrinn, ei gruppe 25 elevar, Øystese kai
Fredag 21 . mars Norheimsund skule, ei gruppe 7. årstrinn, 23 elevar, og Norheimsund friskule, 5., 6. og 7. årstrinn, 9 elevar, Norheimsund kai 

Veke 13

Måndag 24. mars . Ålvik skule, 5., 6., og 7. årstrinn, 22 elevar, Ålvik kai
Tysdag 25. mars Granvin skule 5., 6. og 7. årstrinn, 28 elevar, Granvin kai
Onsdag 26. mars Brakanes skule, 5. årstrinn, 17 elevar, Ulvik kai
Torsdag 27. mars Brakanes skule 6. og 7. årstrinn, 20 elevar, Ulvik kai
Fredag 28. mars Norheimsund skule, 7. årstrinn, ei gruppe 24 Norheimsund kai 

Veke 14

Måndag 31. mars Øystese skule, 7. årstrinn, ei gruppe 24 elevar, Øystese kai
Tysdag 1. april Tørvikbygd skule, 5., 6. og 7. årstrinn, 23 elevar, Tørvikbygd kai
Onsdag 2. april Strandebarm skule, 6. og 7. årstrinn, 28 elevar, Fosse kai
Torsdag 3. april Jondal skule, 6. og 7. årstrinn, 24 elevar, Jondal kai
Fredag 4. april Mathilde gjer klar for å gå til Tau på slipp.

Elevane og lærarane må hugsa varme kle og matpakke. Det er viktig på sjøen.
Velkomen om bord.