Ledige leirskuleveker

Mathilde har ledige leirskuleveker for heldige skuler/klasser som ynskjer å segle saman ei veke.

Kvar vår og kvar haust seglar Mathilde leirskule. Me startar etter påske og held på til skulen tar sommarferie. På hauste er det frå skulane starter opp att og ut september. 

Me har nokre trofaste kundar og tilbakemeldingane er særs gode, men vi har altså nokre ledige veker. Det er berre å melde si interesse.

Her kjem litt så du får eit inntrykk av kva ei veke om bord på Mathilde er:

Mannskapet Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken står i høgsetet, er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Vi er fem i mannskapet som sørger for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet på ei Hardangerjakt. Det er skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.

Vekesprogrammet Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka. Difor er inga veke lik den andre om bord.
Ingen klarer seg åleine til sjøs, felleskapet er viktig. Når me sørgjer for at sikkerheita ligg trygt i botn, kan me leika og ha det kjekt med alt det andre!
Sjømannskap Når skuta er i fart går elevane sjøvakter under kunnig leiing av mannskapet. Dei står utkikk, styrer og går sikkerhetsvakter. Det er stort å kjenne at no, no er eg med på å styre skuta.
Tauarbeid Knop og spleis. Det er viktig å læra seg knop og stikk slik at ein kan handtera tau og fortøya ein båt på ein trygg måte. Kvar dag er ein ny knop landgangsprøve. Det er motiverande for læringa. Dei som ynskjer det får halde på med handarbeid i tau på fritida.
Segling og manøvrering Me lærer om og får prøve dei ulike segla. Aerodynamikk er spanande. Elevane får prøva ut teorien dei har lært på morgonen i praksis når me går ut og seglar. Det vert setjing av segl, å snu skuta mot og medvinds og oppleve samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og kjenner kreftene ta tak. Det er herleg!  
Navigasjon Me startar med å lese kart, tolka navigasjonshjelpemidla som lykter og stakar. Me legg kurs for dagens seilas.
Maritime livet Me går tur i fjæra og ser på ulike strandsoner. Fangsten vår vert studert og artsbestemt. Det er kjekt når me får fram oppdagergleda hos elevane i mylderet av liv.
Fiske Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane. Med robåten vår set me garn som me trekker neste morgon. Korleis sto garnet når me fekk det me fekk (eller ikkje fekk). Me studerer fangsten, og lærer om å håndtere den slik at det vert god matfisk for kokken vår.
Historie Ein elev stod med såre og raude nevar ein regnværsdag etter å ha vore med og heist storseglet og sa: "Segla dei verkelig dette heile året i snø òg? Det er eg glad for at eg slepp." Då tenkte skipparen at no har du skjønt noko du ikkje kunne ha lest deg til i ei bok. Elevane som går i land etter ei veke på Mathilde tek med seg litt respekt for karane som segla kysten vår og la grunnlaget for livet langs kysten. Det er god ballast for vegen vidare å skjøna at det finst andre verder me ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt på dei.

Dei fleste leirskuleturane med Mathilde tek fem dager og starter på fartøyvernsenteret i Norheimsund, men me har og kortare turar. Kvar føremiddag kastar me loss, og legg ut på ei ny oppdagingsferd. Om kvelden legg me til i ei ny hamn som er med og forteljar ei spanande del av kystsoga vår.

Då håper me at me kan ynskje dykk velkommen ombord til ei kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke. Ring oss på 9525 6118, så skal vi fortelje meir om korleis det er og kva for veker vi har ledig framover.

Brosjyre

Orienteringshefte

 

Flere bilder

  • Uranienborg skole. Klassebilde om bord på Mathilde
  • På klyverbommen er det kjekt å være.
  • Klare til å entre riggen med sikkerhetsseler på.
  • Så blei det fisk  i dag og. Det er bra det smakar når den er sjølvfiska.
  • Uranienborg skole; bading er godt selv om det er kaldt.
  • Bestmann Michael Riley underviser i navigasjon
  • unger kveiler