Segl Mathilde og ta båtførarprøven!

Det har vorte ein god tradisjon å starte sommaren med eit båtførerprøventokt. Kjekkare måte å ta båtførarprøven finns ikkje! Me tilbyr båtførarprøven kombinert med fem dagers tokt med Mathilde, der alt er inkludert, til ein subsidiert pris. Grunnen er at me meiner dette er viktig og rett bruk av Mathilde å bidra til sikker ferdsel på sjøen med praksis.

Me seglar frå Norheimsund til Bergen og avsluttar prøven i Bergen. 

2017
 Me seglar frå Norheimsund måndag 26.juni og kjem fram til Bergen fredag 30.juni. Der avsluttar me toktet med eksamen og alle er ferdige før kl 16. Det går buss mellom Bergen og Norheimsund som tek ca 1,5 timar og som går ganske ofte. For påmelding og meir informasjon skriv til info@fartoyvern.no eller ring Cecilie på 9525 6118.

Du kan melde deg på direkte via denne linken:
  

Det vert intensive undervisningsbolkar kvar dag og praktiske øvingar mens me seglar Mathilde. I tillegg til å jobbe fram mot eksamen skal me ha det kjekt i lag! 

Det er lurt å melde seg på tidleg slik at ein kan starta å lesa pensum før ein kjem om bord. Pensumboka må du kjøpe eller låna på biblioteket.

Pris for toktet: inklusive kost, losji i fem dagar, seglas og undervisning kr 4 500,-. Eksamensavgift til Norsk Test kjem i tillegg og er på 704,-.

Du må vera 14 år for å ta eksamen og sertifikatet får du etter å ha fyllt 16 år.

Alle må væra om bord kl. 10 på måndag. Eksamen er kl 14 på fredag og me avsluttar til kl. 16.

Det er berre plass til 22 deltakarar. Velkomen om bord til oss. 

NRK laga ein dokumentar frå Mathilde som gjev eit godt bilete på livet om bord.

For meir informasjon og påmelding ta kontakt på tel: 4043 4100 eller ring Cecilie på 9525 6118 eller skriv en epost til fartoyvern@hvm.museum.no    

Her er linken til påmeldinga:
 

 

 

Flere bilder

  • Mathilde seilsettting ved kai
  • Stemning på dekk
  • Vi kaster loss skværseilet.
  • Tre som pakker storseil
  • Ungdommene på kveldstur
  • Sjølufta gjer noko med appetitten.