Ut å ro?

Hjå oss kan du leiga robåtar for kortare eller lengre tid. Løyser du billett til museet, får du deg ein prøvetur på fjorden inkludert i billetten. Ynskjer du å ro deg ein lengre tur, kan du leiga båt for ein time - eller ein heil dag. 

For meir info eller tinging: tlf 47479839 // fartoyvern@hvm.museum.no

 

Prisar // Prices 
          
Færing (four oars)
NOK 250.- pr time/hour
NOK 650.- pr dag/day

Seksæring (six oars)
NOK 270.- pr time/hour
NOK 750.-pr dag/day

Alle fire båtane (all 4 boats, 28 pers.)
NOK 750.- pr time/hour
NOK 2 500.- pr dag/day

 

Båtane våre

Me har fire robåtar til utleige: to færingar og to litt større båtar: seksæring og åttæring.

Hardangerfærigen har to sett årer og kan ta fire vaksne.
Kystledsbåten har og to sett årer, men har litt større lastekapasitet enn hardangerfæringen. Den kan ta opp til fem vaksne.
Seksæringen som er Hardanger kystlei sin båt, har tre par årer og har plass til åtte vaksne. Den båten høver godt for to vaksne og nokre born på litt lengre turar med utstyr. Seksæringen har namnet Ro-berta.
Åttæringen vart bygd for å markera tusenårsskiftet i 2000. Den har fire par årer. Det er den største robåten vår og kan ta ti vaksne.

Utstyr
Båtane er utstyrt med det som skal til for ein hyggeleg og trygg tur på fjorden.
Kvar av båtane har sjølvsagt med seg tau til fortøying og auskar. Me sender med ein dregg om du legg ut på lengre tur. Redningsvestar følgjer med. 

Det kjem ikkje an på lengda!
Dei fleste roturane med båtane våre er dagsturar. Det er vante roarar som legg ut rotur over fleire dagar i fjorden. Fleire stader i fjorden høver til overnatting etter ein dagsetappe med roing.

Sandvenholmen ligg midt i hamnebassenget i Norheimsund. Frå fartøyvernsenteret er det berre 400 meter ut dit. For mange er det ikkje berre nok, men også ein veldig fin tur! På holmen er det lagt ut ei flytebrygge, det er laga grillplass og bygd ein lavvo. Alt ligg på kommunal grunn og til fri bruk for alle. Her ute kan ein setja seg i enga, sjå ut fjorden over til Folgefonna og nyte synet av ungane sine som leikar i fjøra. Sjølv om holmen ligg midt i hamnebassenget er det ein freda plass der roa senkar seg. Ein får litt Robinson Cruiso følelse.

Roinga
Me har erfaring med å instruera folk i kunsten å ro. Det er berre nokre få råd ein må hugsa på. Det viser seg at folk fort kjem inn i den rytmen som roinga er. Me pleier å seia at roing er "norrøn pilates". Det kjennes så godt å ro, og ein blir ikkje sliten om ein berre hugsar å leggja inn kvileskjeret.

Ro i grupper, er ein kjekk aktivitet
Me har også erfarne roarar som kan vera med deg på rotur. Det må bestillast noko tid i forkant. Då kan me dra ut enten i ein båt eller i fleire. Det er plass til 28 personar når me brukar alle båtane våre. Fyrst lærer de å ro og me finn rytmen i kroppen. Etter ein kort eller lengre rotur, kan me leggja ein pause med piknik eller grilling og annan aktivitet før me ror inn att til fartøyvernsenteret. Me har gode erfaringar frå slike opplegg. 

Hardanger kystlei
Hardanger kystlei vart stifta i 2008. Kystleier finst det etter kvart mange stader langs kysten. Kystlei er eit samarbeid mellom Forbundet Kysten, Den norske turistforening og friluftsråda. De aller fleste kystleiene vert drivne av eit lokallag av dei tre moderorganisasjonane. Hardanger kystlei vert drive av Hardanger fartøyvernsenter. Me har eit ope senter som tek i mot deg som gjest når du kjem og du vert rettleia i bruken av ein av dei tradisjonelle robåtane våre. Me er behjelpelege med råd, sender med sikkerheitsutstyr, tips, kart og er gjerne med og planlegg turen i forkant. Mai-september er senteret bemanna kvar dag frå kl 10 til 17. 

Flere bilder

  • terje rakke ror
  • voluntør
  • barn i rongi
  • Roing til Vikøy fotograf Knut Markhus
  • terje rakke fisker
  • Baugen Hardangerfæring. Foto: Terje Rakke
  • seksæring