Å ro gjer godt for kropp og sjel

Hardanger fartøyvernsenter har leigd ut robåtar sidan 1999 og vi arrangerar nokre fellesroingar i løpet av året. Turane finn du info om i eige skriv (pdf) nederst på sida. Det starta med at småbåtverkstaden bygde ein hardangerfæring. Tanken var at du som gjest skal kunne koma og sjå at båtar vart bygde og samstundes få ro ein liknande båt. Det er fasinerande å kjenna på korleis båten er og korleis det er å ro ein slik båt. På den måten kan ein kjenna resultatet av arbeidet i verkstadane på sin eigen kropp.

Frå båtutleige til Hardanger kystlei
Hardanger kystlei vart stifta i 2008. Kystleier finst det etter kvart mange stader langs kysten. Kystlei er eit samarbeid mellom Forbundet Kysten, Den norske turistforening og friluftsråda. De aller fleste kystleiene vert drivne av eit lokallag av dei tre moderorganisasjonane. Hardanger kystlei vert drive av Hardanger fartøyvernsenter. Me har eit ope senter som tek i mot deg som gjest når du kjem og du vert rettleia i bruken av ein av dei tradisjonelle robåtane våre. Me er behjelpelege med råd, sender med sikkerheitsutstyr, tips, kart og er gjerne med og planlegg turen i forkant. I sesongen er senteret bemanna kvar dag frå kl 10 til 17. Vertskapet vårt syter for at du skal få ein god tur med robåtane våre. Du får grundig instruksjon før me sender deg av garde. 

Det kjem ikkje an på lengda!
Dei fleste roturane med båtane våre er dagsturar. Det er vante roarar som legg ut rotur over fleire dagar i fjorden. Fleire stader i fjorden høver til overnatting etter ein dagsetappe med roing.

Sandvenholmen ligg midt i hamnebassenget i Norheimsund. Frå fartøyvernsenteret er det berre 400 meter ut dit. For mange er det ikkje berre nok, men også ein veldig fin tur! På holmen er det lagt ut ei flytebrygge, det er laga grillplass og bygd ein lavvo. Alt ligg på kommunal grunn og til fri bruk for alle. Her ute kan ein setja seg i enga, sjå ut fjorden over til Folgefonna og nyte synes av ungane sine som leikar i fjøra. Sjølv om holmen ligg midt i hamnebassenget er det ein freda plass der roa senkar seg. Ein får litt Robinson Cruiso følelse.

Roinga
Me har erfaring med å instruera folk i kunsten å ro. Det er berre nokre få råd ein må hugsa på. Det viser seg at folk fort kjem inn i den rytmen som roinga er. Me pleier å seia at roing er "norrøn pilates". Det kjennest så godt å ro, og ein blir ikkje sliten om ein berre hugsar å leggja inn kvileskjeret. Det er berre å følgja pusten. 

Ro i grupper, er ein kjekk aktivitet
Me har også erfarne roarar som kan vera med deg på rotur. Det må bestillast noko tid i forkant. Då kan me dra ut enten i ein båt eller i fleire. Det er plass til 28 personar når me brukar alle båtane våre. Fyrst lærer de å ro og me finn rytmen i kroppen. Etter ein kort eller lengre rotur, kan me leggja ein pause med piknik eller grilling og annan aktivitet før me ror inn att til fartøyvernsenteret. Me har kjekke erfaringar frå slike opplegg.  

Utstyr
Båtane er utstyrt med det som skal til for ein hyggeleg og trygg tur på fjorden.
Kvar av båtane har sjølvsagt med seg tau til fortøying og auskar. Me sender med ein dregg om du legg ut på lengre tur. Redningsvestar følgjer med. Fiskeutstyr kan du leiga i tillegg.

Båtane våre
Me har fire robåtar til utleige: to færingar og to litt større båtar: seksæring og åttæring.
Hardangerfærigen har to sett årer og kan ta fire vaksne.
Kystledsbåten har og to sett årer, men har litt større lastekapasitet enn hardangerfæringen. Den kan ta opp til fem vaksne.
Seksæringen som er Hardanger kystlei sin båt, har tre par årer og har plass til åtte vaksne. Den båten høver godt for to vaksne og nokre born på litt lengre turar med utstyr. Seksæringen har namnet Ro-berta.
Åttæringen vart bygd for å markera tusenårsskiftet i 2000. Den har fire par årer. Det er den største robåten vår og kan ta ti vaksne. Båtane er utstyrt med det som skal til for ein hyggeleg og trygg tur på fjorden.
Kvar av båtane har sjølvsagt med seg tau til fortøying og auskar. Me sender med ein dregg om du legg ut på lengre tur. Redningsvestar og fiskeutstyr kan du leiga i tillegg.

Filer

Flere bilder

  • voluntør
  • barn i rongi
  • knytte hamleband
  • seksæring