Motorcruiseren Faun
Faun vart bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og
Motorforretning i Bergen. Denne verksemda var etablert av
ingeniøren August Moldestad, som hadde studert skipsbygging i
England. Båten vart bygd som lystfartøy for sonen til Christian
Michelsen, Noregs første statsminister. Faun er 52 fot lang og
kosta ny kr. 33.000,-.
Motoryachten Faun var heimehøyrande på Gamlehaugen fram til
1925. Etter dette var båten eigd av kjente reiarar og
forretningsfolk i Bergen. I 1955 overtok BKK båten, og brukte han i
samband med den store kraftutbygginga i Matrefjella. I 1993 vart
båten overdradd til Hardanger Fartøyvernsenter. Våren 2005,
nøyaktig 100 år etter at Christian Michelsen på fredelig vis leda
nasjonen vår ut av unionen med Sverige, er Faun ferdig restaurert.
Istandsetjinga tok oss fem år og kosta ca 4,3 millionar kroner.
Faun framstår no som det stasfartøyet han vart bygd som, med
mahognyinnreiing, plysj og fasettslipte vindaugsglas. Det meste av
utstyret og inventaret frå 1916 var intakt og vart teke i bruk då
båten var ferdig oppattbygd. Det er såleis ein svært autentisk Faun
me kan tilby til den som ynskjer å gjera stas på seg sjølv eller
sine gjester.
Me leiger ut Faun med mannskap til fint og feststemt folk på
Hardangerfjorden og i sine gamle heimfarvatn rundt Bergen. Båten
egnar seg til kortare eller lengre turar, selskap og møte, og har
plass til 12 passasjerar. Ta kontakt for tilbod om ei spesiell
oppleving!
Faun har eit godt vennelag rundt seg, med utgangspunkt i
Nordåsvatnet der ho hørte heime før. Kvar forsommar koser
vennelaget seg med Faun i Bergen. Ta kontakt om du ynskjer å bli
kjent med Faun og dei flotte folka rundt henne. Dei har eigen facebookside!
Hovuddata M/B Faun
Type: Motorcruiser
Byggjestad: Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning,
Bergen.
Byggjeår: 1916
Kontrahert av: Skipsreiar Einar Michelsen.
Lengd over alt :...................16,19 meter (53')
Største breidd :......................3,45 meter (11' 4")
Djuptgående :...........................1,16 meter (3' 10")
Byggjemateriale: Furu på eikespant
Kallesignal: JXDF
Bruksområde: Passasjertrafikk (inntil 12 personar)
Tilskotsytarar:
BKK
UNI-fondet
Riksantikvaren
Sparebank 1 Vest
Oslo Internasjonale Sjømannshjems Fond
O. Kavli og Knut Kavli´s Almennyttige Fond
Gullfaks leiargruppe
Oslo Internasjonale Sjømannshjems Fond
Kvam herad
Hordaland Fylkeskommune