hardangerkutteren Vikingen

Vikingen vert nytta i formidlings- og ungdomsarbeidet ved Hardanger fartøyvernsenter. Om sommaren er det høve til å vera med Vikingen på fisketur på fjorden. Vikingen har vore på fleire langturar, våren 2003 heilt til Skottland.

 

M/K Vikingen er eit godt døme på ein hardangerkutter. Då jaktebygginga tok slutt kring århundreskiftet, var det kuttertypen som kom inn og vart dominerande. Som særskilt fartøytype vart det bygd kutterar heilt fram til 1960-åra. M/K Vikingen representerer ei spennande tid i norsk teknologi- og fiskerihistorie. Omkring 1915 tok segl til å verta avløyst av motor som framdriftsmiddel. Men sidan motorane var etter måten svake og ikkje heilt til å lita på, var det framleis trong for segl. Kunnskapen om bruken av motorane var vel heller ikkje så høg. Sidan Vikingen representerer to teknologiar vert han gjerne kalla eit overgangsfartøy.

Kuttertypen

Kutter er ingen særnorsk båttype, men er utvikla med grunnlag i den austengelske, seglande trålaren og drivgarnsfiskebåten. På 1800-talet utvikla engelske båtbyggjarar den langsmale, djupe og velseglande fartøytypen til tråling og drivgarnsfiske i Nordsjøen, særleg etter makrell. Ein var avhengig av rask transport av den lite haldbare fangsten inn til land.

Etter kvart som britiske fiskefartøy tok til å bli drivne med dampmaskin kring 1900, vart mange fartøy bydde ut for sal. Fiskarane på Vestlandet kjøpte inn fleire hundre "engelskmenn" og sette dei inn i fiske og fraktfart.

Etter kvart vart det behov for nybygg til den norske fiskeflåten. Hardingane hadde for lengst oppdaga "engelskmannen" sine gode eigenskapar. Med dette som utgangspunkt vart det utvikla ein eigen "norsk" fartøytype. Det som skil den norske kutteren frå den engelske, er eit større spring i dekket og den mjukt runda hekken. Og medan engelske kutterar hadde sine spesielle riggar, vart den norske kutteren rigga på norsk vis.

Fiskefartøy i to generasjonar

M/K Vikingen er ein representant for fiskefartøya som vart utrusta med både segl og motor som framdriftsmiddel. Hardangerkutteren Vikingen gjekk som fiskebåt i to generasjonar i Vågsøy i Sogn og Fjordane, og vart nytta som fluktbåt til Skottland under krigen. Vikingen har vore nytta til havfiske og kystfiske på heile kysten frå Rogaland til Finnmark.

Viktige år i Vikingen si historie

1915: Vikingen bygd av Lars B. Hauge i Hatlestrand, Kvinnherad. Bygd som reisandebåt, men ferdiggjort som fiskebåt og kjøpt av Reinhard Horn m.fl. på Raudeberg i Vågsøy, Sogn og Fjordane. Partslaget dreiv havfiske og fiske med garn og line på hele kysten frå Rogaland til Finnmark. Seinare vart det brukt snurpenot og snurrevad. Som ny var Vikingen rigga som galeas og hadde ein 16 hk Volda-Hein semidieselmotor.

1938: Skroget bygd høgare, styrehuset større og det vart installert ein 36 hk Samson semidiesel. Frå no av vert segla lite brukt.

1941 vart Vikingen nytta som fluktbåt til Skottland via Shetland. Flyktningane gjekk inn i marinen og handelsflåten, medan Vikingen vart teken over av Nortraship og sett inn i fiske.

1950-åra: Partslaget selde partane i fartøyet til sine egne søner, som dreiv Vikingen fram til 1978.

1979: Vikingen seld til ein student i Bergen som skulle nytte han som turbåt.

1986 Vikingen nedsøkt, og vart heva av elever ved båtbyggjarskulen i Jondal. Same år overtok Stiftinga Hardangerjakt Vikingen.

1999: Vikingen vart sjøsett etter mange års restaureringsarbeid. Vikingen skal takast vare på i same utsjånad som han hadde då han var ny.



 

Flere bilder

  • Vikingen-og-Ove-Losnegaard
  • Olav-Bolstad
  • Vikingen-morgensol