Folgefonn, ei viktig brikke i ferjehistoria til Hardanger og Vestlandet

Etter vel 30 år på Themsen i England skal den 72 år gamle ferja
Folgefonn l takast vare på som museumsfartøy ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

 

Folgefonn var den fyrste spesialbygde bilferja til Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap (HSD) og gjekk inn i rute frå Ålvik til Kinsarvik 2. juni 1938.

Ferja er overteke av Hardanger og Voss museum og føreslått freda av Riksantikvaren. Folgefonn har starta ein lang restaureringsprosess. Etter at ho kom til fartøyvernsenteret fekk ho bua tak ovver seg. Me har nytta ferga til fleire arrangement og ei fergeutstilling sto i to sesongar.

Harald Sætre har sendt oss ein link til film han har laga om slepet av Folgefonn til Norheimsund og litt frå når ferja gjekk i rute. 

Hausten 2016 gjekk Folgefonn avgåde til Dåfjorden slipp og Bredalsholmen fartøyvernsenter for motor og stålarbeid.

 

Flere bilder

  • i mudderet
  • plante og Geir på dekk
  • sjøsetting