Kurs og skuletilbod

 Den kulturelle skulesekken

Tilbodet vårt er variert og rettar seg mot fleire klassetrinn.

Handverkarar og instruktørar ved fartøyvernsenteret rettleiar elevane som får vera med på tradisjonelle aktivitetar knytt til maritime fag. Kvart tilbod varer omlag to – tre skuletimar.

Hardanger fartøyvernsenter samarbeider med grunnskulen i Kvam og gir lærings- og aktivitetstilbod i den kulturelle skulesekken. For elevane er opplegga ved fartøyvernsenteret gratis, heradet dekkar skyssutgifter.

 

2. årssteg: Forma i tre
Aktivitetsbasert undervisning i småbåtverkstaden. Elevane blir kjende med båtbyggjarfaget, og får sjølve prøva verktøyet til båtbyggjaren.
Alle elevane skal spikka si eiga båtform av rått trevyrke. Me set også segl på båtane. 

6. årssteg: Ut å ro
Elevane lærer å ro enten i ein færing eller dei vert utfordra til å ro i takt i åttæringen.
Me set roinga inn i eit vidt historisk perspektiv gjennom å sjå biletspelet «Då sjøen var vegen». Elevane får vita kva dei einskilde delane av båten heiter og kva dei vart nytta til.

8. årssteg: Laga tau av lindebast
Elevane lagar lindebasttau og lærer om historia til reipslagarhandverket og kva material som tradisjonelt er nytta til tauproduksjon. Reipslaging og historia til handverket er nært knytt til utviklinga i skipsbygginga.

Dei same tilboda kan også gjevast til andre skular og grupper som kjem på besøk. Den kulturelle skulesekken dannar grunnlaget for tilbodet vi har til andre grupper, studentar, firma eller pensjonistar.

For spørsmål kontakt Inger Marie Hernes, tlf 957 65 901 /
e-post inger.marie.hernes@hvm.museum.no

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X