Norsk English

Sesongopning 21. mai

Hardanger fartøyvernsenter

21.05.2017 00:00

Me opnar dørane for sesongen 21. mai.

Per Morten Ekerhovd, sjølvaste fylkeskultursjefen i Hordaland, står for den offisielle opninga.

Sylfest Lomheim kjem. Han er ein velkjend språkmann og omtykt kåsør. Lomheim sitt innslag har fått tittelen «Kuvending på sjøen - maritime uttrykk i daglegtalen», og dei er det mange av!

Direkte frå korstemne i Norheimsund same helga kjem, «Kor Før'de», eit blandakor frå Førde i Sogn og Fjordane stifta i 2005. Koret tel 40 medlemmar fordelt på fire stemmer. Her ventar me oss mykje og god lyd!

På programmet står også nyopning av Sjøhuset som har vore under hektisk ombygging i vinter. Me held pusten no, og kryssar fingrane for at alt er på plass til opningsdagen. Velkomen inn for å sjå Sjøhuset som er retta opp og har fått ei såle å stå på. Sjøhuset skal ikkje sige ut i sjøen meir og verta eit flott inngangsparti for Hardanger fartøyvernsenter.

Takk til Kvam kommune, Hordaland fylkeskommune og Olav Thons Samfunnsnyttige Stiftelse som kvar har bidrege med ca 2 mil.  Desse bidraga har gjort Sjøhus satsinga mogleg.