Norsk English

Foredrag - Polarskuta "Gjøa"

Kafeen på fartøyvernsenteret

26.03.2017 19:00 til 21:00

"Gjøa" har starta ei ny reise. Ho skal bli meir autentisk og fin igjen. Arbeidet med restaureringa vert gjort av Hardanger fartøyverensenter under leiing av Morten Hesthammer.

 

Roald Amundsen kjøpte ei ordinær frakteskute då han prøvde å segle mellom det nordamerikanske kontinent og polarisen, Nordvestpassasjen. Valet falt på "Gjøa", frå Hardanger. Då Amundsen og mannskapet var vel framme i Alaska gjekk "Gjøa" ei lite glansfull tid i møte, men no har eit nytt kapittel starta. Arbeidet med å få ho meir autentisk er godt i gang. Eit båtbyggjarteam under leiing av Morten Hesthammer frå Hardanger fartøyvernsenteret jobber med skuta, på Frammuseet i Oslo. Morten Hesthammer skriv om arbeidet i bloggen til Hardanger fartøyvernsentere.

Det er på høy tid. "Gjøa" er eit nasjonalt klenodiet som er ein del av polarhistoria, men ho er meir enn det. Ho er eit eksempel på den typiske frakteskuta som blei bygd langs kysten vår. Bragden Amundsen gjorde med skuta er eit bevis på kor gode fartøy dei var.

Vi gler oss til å sjå det ferdige resultatet i Oslo, men sundag 26. mars vil Morten Hesthammar gje oss eit innblikk i puslearbeidet som ei slik restaurering er. Historia til "Gjøa" får me også høyre om. Morten Hesthammer er kjent som ein god formidlar, i tillegg til å vera ein god handverkar.

Morten Hesthammer har leia mange restaureringsoppdrag ved Hardanger fartøyvernsenter der han har vore tilsett frå nittitalet. Morten Hesthammer er leiar av Norsk forening av fartøyvern.

Om du ynskjer ytterlegare informasjon om "Gjøa", "Fram" og polarhistorie ta ein kikk på Frammuseet si heimeside.