Norsk English

Maritim sundagsprat

Hardanger fartøyvernsenter (filmsalen)

25.09.2016 19:00 til 27.11.2016 19:00

Siste sundagen i kvar månad fram til jul, inviterer me til interessante føredrag i filmsalen. Verd å få med seg for både sjøulkar og landkrabbar.

Bård Kolltveit Frå havkant til høgfjell 
Bård Kolltveit tek oss med på ei reise i tid og rom gjennom Hardanger og Sunnhordland. Kolltveit er tidlegare direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo, og ein populær føredragsmann. Han kjem frå Hardanger, og er truleg best kjend i heimetraktene for bøkene som vart utgitt til HSD sitt 100- og 125-års jubileum

Cecilie Holm Eit skuteliv
Cecilie Holm kom over fjellet i 1988 for å ta Mathilde ut som skipper etter restaureringa. Cecilie er skipper, marknadsførar, hobbygartnar og ihuga handarbeidsdame med skipshund. I «Eit skuteliv» gjev Cecilie oss eit blikk inn i livet om bord på eit seglande museumsskip.

Nils Georg Brekke Kystlandskap i endring - frå vikingtida til vår tid.
Nils Georg Brekke er ein prisvinnande formidlar innan kulturhistorie og kulturlandskap. I tillegg til å vera idéskaper, redaktør og medforfattar av de trendsetjande bokverka Kulturhistorisk vegbok (1993) og Folgefonna og Fjordbygdene (2008) har han vore ein av pådrivarane for Havråtunet, Oselververkstaden, Norsk Kulturarv og Lyngheisenteret.