Norsk English

Hardanger trebåtfestival 2016

Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

11.06.2016 10:00 til 12.06.2016 00:00

Set av denne helga i juni, for her skjer det mykje som du ikkje vil gå glipp av! 11. og 12. juni er Norheimsund og Hardanger fartøyvernsenter spekka med gode opplevingar og maritimt liv.

Tradisjonen tru vert det maritime fagføredrag, sjørøvartokt og kyrkjebåtferd til Vikøy. Aktivitetar og utstillingar nyt du i dufta av nysteikte vafler, styrkande suppe og nysmurde båtar.

Program på fartøyvernsenteret

LAURDAG 11. juni

Kl 1000 Fartøyvernsenteret opnar
Fagforedrag:
Kl 1200 Stell og vedlikehald av trebåten - Kristian Djupevåg
Kl 1300 Prosjekt «Perlen» - Karsten Mæhl
Kl 1400 Kontiki 2-ekspedisjonen - Kari Skår Dahl
Kl 1500 Galeas Gurine - ved Knut Skåla m. fl.
Kl 1600 Kopibygging av tiæring frå Lussand - Peter Helland-Hansen

Mathilde-tokt
Kl 1300 Sjørøvartokt med Mathilde
Kl 1500 Sjørøvartokt med Mathilde
Kl 1700 Festivaltoktmed vokaltrioen «Røyst»

SUNDAG 12. juni

Kl 0930 Kyrkjebåtroing til Vikøy, oppmøte i Grova
Kl 1400 Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, Barneforestilling i Kulturnaustet (gamle ICA)