Norsk English

Sesongopning 2016

Hardanger fartøyvernsenter

08.05.2016 11:00 til 17:00

Edvard Hoem, Knud Knudsen, Jostein Ljones, Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen. Nyopning av kulturnaustet, føredrag, mat, film, musikk og maritim moro!

Ny sesong, ny utstilling, ny film, og eit stort nytt lokale! Kulturnaustet (tidlegare ICA) får si offisielle opning denne dagen. Dei nye lokala vert fylde med nokre av dei fyrste bileta som er tatt av norskekysten, og denne omfattande Knud Knudsen-utstillinga får setja sitt preg på opningsdagen. Det vert synt film om Knudsen, som var ein av våre fyrste fotografar, og det vert føredrag av Edvard Hoem, som sjølv ofte har skildra denne epoka og kystlandskapet i sin forfattarskap.

 

Offisiell opning er ved ordførar i Kvam, Jostein Ljones.

Som vanleg kokar me ei god suppe, bakar lekre kaker og gler oss til at publikum kjem og vert med å opna ein ny sesong.

Velkomne!

 

Filer