Norsk English

Terje Vigen, vårt nasjonale epos om tilgjeving som balsam for sjela

Kafeen på fartøyvernsenteret

09.04.2015 19:00 til 22:00

Tryggve Fett set krigsdiktet Terje Vigen inn i ein større samanheng.

Tryggve Fett har dykka djupare ned i dette stoffet enn dei fleste.

Som kulturhistorikar, museumsmann, historieformidlar og borgermester av Gamle Bergen, har han rik erfaring både som føredragshaldar og i historiske roller. I denne forestillinga vil han gjera begge deler. I føredraget gjev han eit riss av Henrik Ibsen si utvikling og stilling som bakgrunn for diktet, samtidig som han vil gje eit bilete av den norske sjømannen sin situasjon under Napoleonskrigen. Til slutt framfører Fett sjølve det mektige diktet i heilskap, nærast muleg orginalen frå dikteren sin penn.

Henrik Ibsen sitt diktepos "Terje Vigen"

Diktet skildrar korleis sjømannen Terje, i nødsåra under Napoleonskrigen, rodde til Danmark for å henta korn til kone og born, men blei tatt til fange av engelskmennene og satt i "prisonen" i fem år. Då han kom heim, var familien omkomen av svolt. Men ved skjebnens ironi får han seinare som los mulegheit for å ta hevn, ved at han blir herre over den tidligare fienden sitt liv eller død. Han velger likevel livet og tilgivelsen.

Sånn sett fortel diktet oss om krigens brutalitet og råskap, men også om menneskeleg storheit og dei evige livsverdiar.

Diktet blei skrive sommaren eller hausten 1861, i ein periode då Ibsen sjølv sto midt oppe i store vanskeligheter, både i forhold til arbeid og familieliv, og kanskje trengte dikteriske personar å uttrykka seg gjennom. Diktaren og diktet sine trådar blir til ei dramatisk forteljing, full av barsk manndom, kvinneleg ømheit og ikkje minst eit ramsalt kystmiljø der sjøsprøyten står høgt.