Norsk English

Opning med kystkunst og påhengsmotorar

Hardanger fartøyvernsenter

25.05.2014 13:00 til 17:00

"Inspirert av kysten" Salsutstilling av trykk og andre arbeid vert presentert av kunstnaren Lisbeth Skranes.

"Don't row! Throw the oars away!" Historia til påhengsmotoren, stor utstilling frå Gunnar Mikkelsen Maritime samlingar ved Norges fiskerimuseum. Bjørn Djupevåg frå Norges fiskerimuseum fortel.

Opning ved Knut Markhus, leiar for kultur og integrering i kvam herad

Musikalske innslag på hardingfele, Arngunn Timenes Bell

Det vert opna to nye utstillingar når Hardanger fartøyvernsenter markerer at sommarsesongen er i gang sundag 25. mai. Både den historiske utstillinga av påhengsmotorar og kunstnaren Lisbeth Skranes sine arbeid viser på ulikt vis kystkulturen.

Lisbeth Skranes, opphavleg frå Stokmarknes, er inspirert av kysten når ho lagar trykk og andre arbeid i verkstaden sin i Trondheim. Skranes er også ein aktiv formidlar av kystkultur gjennom Forbundet Kysten der ho er kjend for design av ullteppe og sitjeunderlag i samarbeid med eldste son sin, Sakari. Ho har ei salsutstilling som vert ståande i kafeen på fartøyvernsenteret i heile sommar. Skranes vil fortelja om arbeida sine under opninga.

«Ikkje ro! Kast årene !» var slagordet då påhengsmotorpioneren Evinrude skulle overtyda robåtfolket om at utenbordsmotor var løysinga. I Bergen har Gunnar Mikkelsen samla ulike utgåver av påhengsmotorar. Den store samlinga er no overteke av Museum Vest, Norges Fiskerimuseum. Bjørn Djupevåg ved museet presenterer utstillinga som viser den historiske utviklinga frå dei fyrste påhengsmotorane fram mot vår tid. Utstillinga viser nær 40 ulike påhengsmotorar og vert ståande på reiparbanen.

Kl 15.00 Gammalt og nytt på senteret, omvisning ved formidlingsleiar Oddvar Soldal.

Hardanger fartøyvernsetner har ope kl 10 til 17 kvar dag til 31. august. Slik er det også sesongopningsdagen.

I kafeen er vert det servert suppe og eit rikhaldig utval av heimebaka kaker. Både leikebåtverkstad og aktivitetsløype er i gang. Det er mogleg å leiga færingar, seksæring og åttæring. 

Opne verkstader, leikebåtverkstad og aktivitetsløype.

 

Filer