Norsk English

Driftsleiar Magnus Klepsvik: Statsraad Lehmkuhl i 100 år

hardanger fartøyvernsenter

20.03.2014 19:00 til 22:00

Hardanger fartøyvernsenter har ved fleire høve drive vedlikehald på Statsraad Lehmkuhl. Den tremastra stålbarken som er 100 år i år, er framleis mest kjend som skuleskip.

I nokre veker i vinter ligg skipet i Santa Cruz på Tenerife for vedlikehald og vøle. Fartøyvernsenteret er engasjert med åtte handverkarar, eigne og innleigde, som stort sett driv med nating av dekk. Det er eit viktig arbeid som er avhenging av gode handverkarar og turkande ver. 

Driftsleiar Magnus Klepsvik vil presenetera den stolte skuta og fortelja om drifta i dag. Det er verdt å nemna at «Statsråden» seglar til Hardanger frå Bergen 10. - 13. mai. Dei som har betre tid, kan mønstra på frå Tenerife til Bergen 17. mars - 2. april.