Norsk English

Gjøa, Gurine og andre hardangerjakter

Hardanger fartøyvernsenter

19.02.2014 19:00 til 22:00

I eit kveldssete på fartøyvernsenteret onsdag 19. februar deler Moten Hesthammer og Kristian Djupevåg kunnskapen sin med oss andre. Morten har leia fartøyvernsenteret sitt arbeid med å forsterka og restaurera polarskuta i samband med at Gjøa vart flytta inn på Frammuseet på Bygdøy i 2012 og 2013.

Verftsformann Morten Hesthammer og fartøybyggjar Kristian Djupevåg veit til saman svært mykje om bygging og bruk av hardangerjakter. 

Etter at Gjøa vart transportert frå San Francisco til Oslo i 1972 fekk Djupevåg båtbyggeri i oppdrag å restaurera skuta. Kristian Djupevåg leia arbeidet i 1973 og -74. Då er det spennande at den same Krisitian er konsulent for restaureringa av galeasen Gurine i Rosendal. Gurine og Gjøa er systerskip. Gjøa er frå 1872 og nokre år eldre enn Gurine, men begge er bygde av den kjende fartøybyggaren Knut Johannesson Skaala.