Norsk English

"Strandebarmaren" på bokkafe

Galleri Puls i Norheimsund, Grovabrotet 6

13.12.2014 15:00 til 17:00

Gjekk du glippp av Peter sin presentasjon av "Strandebarmaren" på fartøyvernsenteret får du nå ein ny sjanse. Boka vekker oppsikt og det er ikkje utan grunn!

Bokkafeen laurdag 13. desember kl 17
Servering av fingermat og drikke. Inngang  kr 100,-

På det meste vart det bygd 1300 strandebarmarar i året i Strandebarm, Hardanger. Mange har gode minner knytt til denne båttypen . I boka kjem vi tett på båtbyggjarar som hugsar glansperioden i mellomkrigstida. Vi får også vera med Peter Helland-Hansen når han byggjer ein ny båt. Vi fylgjer Peter frå han vel emne i skogen til han sjøset båten, med årer og segl. 

"Strandebarmaren" er rikt illustrert med 906 foto og 172 teikningar.