Norsk English

Øks på verktøyseminar 5. - 7. november 2014

Hardanger fartøyvernsenter

05.11.2014 00:00 til 07.11.2014 00:00

Me fylgte opp dei vellukka maritime verktøyseminara som me har hatt i november dei fire siste åra. Som vanleg var det fullbooka. Dei som har vore med, kjem med svært gode tilbakemeldingar. Øks var tema i år og som før la vi opp til ei god blanding av praksis og teori. Vi var innom både bruk, oppsetjing og laging av ulike typar økser. Det blei også gått gjennom arbeidsteknikk. Øks vert like mykje brukt i all slag tradisjonell trekonstruksjon. Difor er seminaret ein møtestad for båt- og bygningshandverkarar.

Som tidlegare nytta vi høvet til å samla inn, stilla ut og dokumentera verktøy frå området vårt. Verftsformann Morten Hesthammer og leiar ved småbåtverkstaden, Peter Helland-Hansen, var fagleg ansvarlege for seminaret.

 

Program - Maritimt verktøyseminar 5.-7. november 2014

 

Onsdag 5. nov

09.00 Registrering, orientering om programmet for seminaret.

10.00 Gjennomgang av verktøyutstilling Morten og Peter.

11.00 Øksar til ulike føremål. Vi ser og nærare på øksar som deltakarane har teke med seg. Trond Oalann/diskusjon deltakarane.

12.00 Lunsj

13.00 Skarøks, Morten Hesthammer eller Håkon Danielsen

13.30 Skjefting av rettøkser og skarøkser. Deltakarane lager skaft til eigne øksar. Instruktør Trond, Morten (skarøks)

16.00 Sliping av økser. Deltakarene sliper eigne øksar. Instruktør: Trond og Thomas.

17.30 Middag

19.00 Ope foredrag, Øksas historie/ Vikingtidas økser - Thomas

20.15 Film Smiing av øks med Knut Østerdal. 1500-talls bilene og hoggespor - Trond

 

Torsdag 6. nov

8.00 Bruk av øks:

-Verneutstyr ved bruk av øks -Diskusjon

-Merking av rundholt - Morten/Trond

-Bruk av to typer hordabile -Trond

-Kløyving av eikekjølar til færing -Thomas

-Rotasjonskløyving av halsakubb -Peter

-Bruk av skarøks - Morten og Håkon

12.00 Lunsj

13.30 Framhald bruk av øks:

- Hogging av rundholt/stav -Morten/Trond

- Hogging av hals frå grovemne -Hallgeir 

17.30 Middag 

19.00 Ope foredrag. Bruk av øks i småbåtbygging - Peter

20.15 Ope foredrag Bruk av øks i Fartøybygging - Morten

 

Fredag 7. nov

08.00 Framhald bruk av øks:

- Hogging dekksbjelker?

- Hogging av stamnfelling og skaring på båtbord

-Hogging av kjøl til færing

- Felling av innved

- Vidare arbeid med verktøy

12.00 Lunsj og oppsummering

13.30 Slutt