Norsk English

«Human Roots» ved Hardanger fartøyvernsenter 2. - 12. mai

Hardanger fartøyvernsenter

02.05.2013 00:00 til 12.05.2013 00:00

Frå 2. - 12. mai er Hardanger fartøyvernsenter åstaden for ein stor kunst- og kulturworkshop i regi av prosjektet Human Roots. Det er vidareføring av eit samarbeid mellom palestinske og norske kunstarar. Tau bind saman.

Palestinske og norske kunstnarar knyter band gjennom kunstinstallasjonar av tau, nøter og fiskegarn. Kunstarane brukar reipslagarteknikken til å laga kunstinstallasjonar av brukte tau, nøter og fiskegarn.  

Onsdag 8 mai kl 18 - 20 er det ope hus

  • Bakgrunn for arbeidet v/ Elisabeth Medbøe, kunstnar og leiar for «Human Roots» 
  • Kystkultur som utgangspunkt for kunstprosjekt 
  • Palestinske forhold i dag 

Samtale og ordskifte saman med søte smakebitar frå Palestina og Noreg.

Sundag 12. mai kl 13: Sesongopning

  • Presentasjon av kunstverka som vert ståande heile sommaren 
  • Palestinsk gruppe dansar Dabkha 
  • Knut Hamre spelar hardingfele 

Servering av suppe, kaker og drikke i kafeen.

Human Roots official web site 

For å få vita meir, ta kontakt med Human Roots v/ Elisabeth T. Medbøe telf 48120747 i Oslo eller Marie Skeie 94276651 i Bergen, ved Hardanger fartøyvernsenter: formidlingsleiar Oddvar Soldal, 47479841, frå 28. april, reipslagar Ingunn Undrum 47479844 eller leiar ved museumsavdelinga, Heidi Richardson, 41260697.

Me reknar med at det kan verta mange spennande innfallsvinklar til reportasjar frå denne store, kreative samlinga av kjende kunstnarar. For at de kan sjå kva tid det høver å koma har me sett opp ein timeplan for spesielle hendingar. Elles er kunstnarane i arbeid ved Hardanger fartøyvernsenter kvar dag.

Torsdag 2. mai: Arbeidet startar

Måndag 6. mai kl 19 i Kunstnarhuset Messen i Ålvik: Artist talks. Kunstnarane presenterer arbeid. Samtalar om prosjektet Human Roots.

Tysdag 7. mai kl 18 - 21 i Stiftelsen 3,14 i Bergen: Presentasjon av palestinsk samtidskunst. Artist talks. Diskusjon om kunsten sin rolle under ulike samfunnstilhøve. Heile dagen vert brukt i Bergen.

Onsdag 8. mai På Hardanger fartøyvernsenter: Besøk frå vidaregåande skular i Kvam. Om ettermiddagen ope arrangemet kl 18 - 20: Kystkultur som utgangspunkt for kunstprosjekt. Om palestinske forhold i dag. Ta del i diskusjon om Human Roots prosjektet.

Sundag 12. mai kl 13 Opning av utstillinga Human Roots. Kulturelle innslag frå Palestina og Hardanger.

Litt meir om «Human Roots»

I gruppa Human Roots møtest 20 kunstnarar, åtte frå Palestina og 12 frå Noreg. Dei er: Nabil Anani, Tayseer Barakat, Ahlam al-Faqih, Dina Ghazzi, Suleiman Mansour, Samir Salameh, Khairaldin Kasem, Basel Al Maqousi, Aud Bækkelund, Judith E. de Haan, Elisabeth T. Medbøe, Johan Mæhlum, Marie Skeie, Ragnhild Steig Svenningsen, Anne Kristine Thorsby, Åse Berit Skeie Ulltang, Alfred Vaagsvold, Joon Vaagsvold, Lene E. Westeras, Kathe Øien.

Den norske gruppa vart i si tid sett saman etter utlysing i fagbladet Billedkunst. For å vera med i gruppa må ein vera medlem i NBK  eller NK. Dei palestinske deltakarane er kjende, sentrale kunstnarar som er aktive i PACA (Palestinian Association of Contemporary Art) 

Kunstnarane Elisabeth T. Medbøe og Marie Skeie er organisatorar og drivkraft bak tiltaket. Marie Skeie er med i den regionale kunstnarorganisasjonen Hardingpuls og har samarbeidd med Hardanger fartøyvernsenter ved fleire høve om å bruka reipslagarhandverket i kunstnarlege uttrykk.

Human Roots arbeidde også saman hausten 2011 med å produsera ei mosaikkutsmykking til gamlebyen i Bir Zeit i Palestina. Då arbeidde dei mellom anna med gammalt og nytt vyrke av oliventre. 

  • Forståinga og fortolkinga av om omgrepet Human Roots er avhengig av livserfaring, samfunn og oppfattinga av historie. Med palestinske og norske kunstnarar som arbeider og stiller ut saman, vil omgrepet om menneskelege røter verta teke opp frå ein ekstensiell ståstad. Kunstnarane representerer eit mangfald av kulturelle og religiøse erfaringar: muslimske, kristne og sekulære. Prosjektet utviklar seg gjennom ein kontinuerleg dialog, skriv Elisabeth T. Medbøe som leier prosjektet Human Roots.

I workshopen skal alle arbeida saman heilt frå starten med å laga eit heilskapleg uttrykk. I dialog mellom deltakarane vil utrykk og form utvikla seg i samspel med temaet Human Roots. Ved å arbeida med brukte materialar som tau, fiskegarn og nøter er det mogeleg å skapa saman, finna uttrykk for temaet og få fagleg utfordring med å kombinera og vera nyskapande.

I prosjektet er det eit mål å bruka eit gammalt handverk, reipslagarfaget, i kunstnerisk utrykk. Tauverk gir mange assosiasjonar med ulike flette- og knuteteknikkar. Ved å bruka gamle og nye materialar frå Palestina og Noreg vil meiningsinnhaldet i strukturen verta forsterka. 

Human Roots samarbeider med kunstnarorganisasjonen Hardingpuls. Dei tilreisande kunstnarane skal bu i Kunstarhuset Messen i Ålvik og privat. Det vert også opne kulturarrangement som vil presentera ideane bak Human Roots og ta opp kunst- og kulturarbeidarar sine vilkår i Palestina og Noreg. 

Bilettekst

Kunstnar Marie Skeie har arbeidd med tau og reipslagarteknikk i kunstneriske uttrykk. I nesten to veker i byrjinga av mai har ho med seg 18 andre kunstarar i eit stort arbeidsfellesskap på fartøyvernsenteret.

Filer