Norsk English

"Sørlandsseilas med Mathilde"

NRK 1 sendar dokumentaren "Sørlandsseilas med Mathilde"

07.03.2013 20:45

Torsdag 7.mars kl 20 45 visar NRK ein dokumentar om seglas med Mathilde.

I sommar var Anne Wirsching frå NRK med på eit familietokt på Mathilde. Vi segla fra Kristiansand til Risør trebåtfestival. Det vart det film av. 

Anne Wirsching var høgt og lågt med kameraet sitt i sommar. Det var imponerande å  sjå kor iherdig ho var ikkje berre med kameraet, men med programmering på kvelden i skipperlugaren, lenge etter køystrekk. Vi er spente på det ni minuttar lange innslaget. Programmet er eit program i serien "Glimt av Norge". Seinare kjem ein femten minuttar lang variant over same tema.

Sendetid for programmet har vore endra nokre gonger, så vi tek atterhald om at det kan kome nytt sendetidspunkt.