Norsk English

Workshop i registrering av båtar i Primus

Hardanger fartøyvernsenter

27.11.2013 00:00 til 28.11.2013 00:00

Målet med workshop'en er å motivere museum til å registrere sine båtar, evt. både i Primus og i Tradisjonsbåtregisteret. Målet med å registrere båtane er å skaffe oversikt over kva som finst, og dermed kanskje òg om kva som ikkje finst. Då kan museum òg bruke oversikten som ein reiskap i sin samlingsforvaltning både i høve avhending og målretta innsamling.

Bakgrunn: Museumsnettverket for fiskeri og kystkultur og Forbundet Kysten har eit samarbeid om registrering av mindre båtar. Kysten har sett i gang registrering på frivillig basis i Tradisjonsbåtregisteret, som ligg under Lokalhistoriewiki. Det er såleis ope og tilgjengeleg for alle som ønskjer å registrere privateigde båtar. I musea skjer dette arbeidet i Primus. 

Deltakarane skal i løpet av samlinga vera med å registrere båtar. Målgruppe er tilsette ved musum. 

Håkon Brattespe er arkivar/registrator ved Hardanger Folkemuseum og er med som ressursperson på Primus.

Påmelding og spørsmål:Karsten Mæhl, karsten.maehl@fartoyvern.no  , tlf 47 47 98 28

Forbundet Kysten, Tradisjonsbåtregisteret: Heidi Thöni Sletten, heidi@kulturvern.no , tlf. 936 01 901).

Påmeldingsfrist: 15. november

For program og meir info sjå filen som ligg lenger nede på sida.

Filer