Norsk English

Maritimt verktøyseminar om borar, boring og festemiddel

Hardanger fartøyvernsenter

18.11.2013 00:00 til 20.11.2013 00:00

Hardanger fartøyvernsenter, avd. av Hardanger og Voss museum ber inn til eit nytt maritimt verktøyseminar. Tema for seminaret i år er: Boring og festemiddel.

Dette er det fjerde seminaret med verktøy som tema. Me legg vekt på den maritime bruken av verktøy og teknikkar knytt til å laga hol i trevyrke og korleis ein bind tre saman ved bruk av mellom anna trenaglar og andre festemiddel. Temaet er like aktuelt for andre tradisjonelle trehandverk.

Seminaret er ei vellukka blanding av teori og praksis der deltakarane får laga eigne verktøy og få god tips om oppsetjing og kvessing av verktøys om dei har med seg. I alt med instruktørar er det samla 23 deltakarar. Det er ny rekord. Det kan ikkje vera fleire når alle skal få utbytte av dei praktiske øktene.

Som før nyttar me høvet til å samla inn, stilla ut og dokumentera verktøy. Tradisjonsberarar kommenterer verktøya som kjem inn. Det vert også opne allmenne foredrag om emnet på kveldstid.

For å få eit fagleg godt nivå trekkjer me inn instruktørar/innleiarar utafrå. På seminaret styrer røynde handverkar både praksis og teori Det er navarsmed Johannes H. Fosse, Meland pensjonert båtbyggjar og lærar Sverre Haugen, Herand, båtbyggjar Kristian Djupevåg, Tørvikbygd og dei fagleg ansvarlege frå Hardanger fartøyvernsenter: Leiar ved småbåtverkstaden Peter Helland-Hansen og verftsformann Morten Hesthammer.

Både måndag og tysdag kveld er det innleiingar som er opne for alle, Sjå programmet som er slik: 

Måndag 18. nov

Kl 11.00 Registrering, orientering om programmet for seminaret.

Kl 12.00 Lunsj

Kl 13.00 Navar v/ Johannes Fosse. Korleis smi ein navar.

Oppsetting av navar

Kl 18.00 Middag

Kl 19.00 Ope foredrag, historiske linjer

19.00 Holet si historie, Terje Planke, Norsk folkemuseum

19.45 Historia om navaren v/ navarsmed Johannes H. Fosse. Film.

Tysdag 19. nov

Kl 8.00 Arbeidsdagen startar, kva verktøy vil ein laga eller forbetra

Kl 12.00 Lunsj

Kl 13.00 Gjennomgang av utstilling m/ Sverre Haugen, Kristian Djupevåg, Peter Helland-Hansen og Morten Hesthammer.

Kl 14.00 Kristian Djupevåg viser oppsetting av diverse bor.

Kl 15.30 Arbeid i verkstad, mellom anna oppsetting av spiralbor og andre borar. Ta gjerne med eigne borar. Bruk av verktøy.

Kl 18.00 Middag

Kl 19.00 Ope foredrag, historiske linjer

19.00 Trenaglar brukt i husbygging, Gunnar Kjerland, Hardanger folkemuseum

19.45 Festemiddel i fartøy, Morten Hesthammer, Hardanger fartøyvernsenter

20.30 Festemiddel i klinkbygde båtar, Peter Helland-Hansen, Hardanger fartøyvernsenter 

Onsdag 20. nov

Kl 8.00 Arbeidsdagen startar. Arbeid i verkstad. Bruk og teknikk. Me prøver ut ulike bor og festemiddel og jobbar vidare med eige verktøy.

Kl 13.00 Lunsj og oppsummering