Vil vite

Hardanger farøyvernsenter

20.10.2013 14:00 til 17:00

Det populære VilVite showet kjem til Hardanger fartøyvernsenter igjen.

VilVite-senteret har programmet på fartøyvernsenteret sundag 20 oktober kl 14 - 17. Formidlarane frå Vilvitesenteret kan gjera det spennande for born i alle aldrar og leikande vaksne. Me veit at mange, både små og store, ser fram til å delta i dei flotte eksperimenta og opplevingane som er utvikla av oppfinnsame fysikarar og kjemikarar. Det startar kl 14 med opningsshow. Det vert show også kl 15.00 og 16.00. Mellom showa vert det mange overraskingar som du kan vera med på. Kafeen er open.