Norsk English

Me er alle i same båt: Songar om jorda

Hardanger fartøyvernsenter

27.10.2013 18:00 til 21:00

Sundag 27. okt kl 18.00 kan du vera med på ein unik miljøkonsert ved Hardanger fartøyvernsenter. Temaet er knytt til miljø- og klimaproblema og høgaktuelt i samband med FN-dagen.

Maria Vocalis som er eit frittståande kammerkor knytt til Korskirken og Bymisjonen i Bergen, er sentral utøvar saman med Knut Ariel og hans fem manns band. Marit Karaskiewicz er både dirigent og ein av dei fire songsolistane. Musikarar elles: Johann Sebastian Blum på cello, Jan Tore Ness på perkusjon, Johannes One Melbøe på bass, fløytisten Michael George Titt, trompetisten Hans Marius Andersen og Knut Ariel på gitar. Sistnemnde har tidligare mellom anna framført kyrkjekonsertenGallionsfiguren(1995), oratorietLysskipet(2006) og korkonsert ved Kapittelfestivalen i Stavanger i 2008 i samarbeid med ulike korkrefter.

Ved hjelp av musikk, poetiske tekstar og appellar vil konserten løfta opp djupare haldningar knytt til skaparverket og jorda. Konserten har 16 verk delt i to avdelingar. Det er korsongar, songar med solistane i ulike kombinasjonar og bandet åleine. Utanom eln sats fra Vivaldis 4 årstider, eit verk av Bach, Rolf Jacobsen sin tekst Tett bak din fot og Gunvor Hofmo sin Vektersang er tekstane skrivne av Knut Arild Melbøe. Melbøe står også for av musikken, mens korarrangementa er av Malte Winje.

Då Knut Ariel gav ut sin 4. CDVår kjæreste båti fjor, uttalte han: "For meg er Jorden vår kjæreste båt og vi som nå er mannskap ombord på den søker felles forankring på tvers av religionene der stikkordet er løftekraft sammen med bærekraft."

Filer