Norsk English

Handverkskurshelg ved fartøyvernsenteret 7. til 9. september

Verkstadane på fartøyvernsenteret

07.09.2012 09:00 til 09.09.2012 17:00

Smiing, reip og vedlikehald av trebåtar er tema for helgekursa våre i år.

Reipslaging

Vi skal slå tau for hand. Du lærer om materialar og utviklinga av reipslagingsteknikkar og kva dei enkelte taua er eigna til. Kurset høver om du vil jobbe med vidareformidling.

Instruktør: Reipslager Ingunn Undrum

Smiing

På kurset vil du læra teknikkar; varma opp emna, strekkja, bøya og flata ut emne. Vi skal lage lysestakar og krokar ut av råemna.

Instruktør: Smed Seppe Lehembre 

Vedlikehald og reperasjon av trebåt

Sentrale tema vert; tilstandsvurdering, metodar for reperasjon og overflatebehandling.

Instruktør: Båtbyggjar Peter Helland - Hansen

Kursa startar kl 9 fredag 7. september og avsluttar kl 14 sundag 9. september.

Lunsj i kafeen kvar dag for alle kursdaltakarar. Det vert felles fagføredrag fredag kveld og festmiddag laurdag kveld. Alle kursa vert haldne i verkstadene på fartøyvernsenteret. Det er få plasser. For å sikra deg plass ta kontakt med info@fartoyvern.no

Vi kan hjelpe deg med å ordne billig overnatting.

Meir info kjem etter kvart.