Norsk English

Hardanger fartøyvernsenter sesongopning 13. mai

Hardanger fartøyvernsenter

13.05.2012 10:00 til 17:00

Kl 13.00 Opning av utstillinga «Tett på kystkvardagen», maritime bilete av Anders P. Wallevik 

  • Sesongopning, ordførar Asbjørn Tolo 
  • Konsert på hardingfele, Arngunn Timenes Bell 
  • Presentasjon av utstillinga, museumsleiar Heidi Richardson 
  • Om fotografen og mennesket Anders P. Wallevik, forfattar Elisabet Wallevik Engelstad 

Frå kl 12.00: Open båt på D/S Stord 1 m/ servering av suppe, open småbåtverkstad, leikebåtverkstad og andre aktivitetar for born.

Kl 14.30: Omvising på D/S Stord 1, fartøyvernkonsulent Åsmund Kristiansen fortel om restaureringa.

Kafe m/ sesongopningsmeny , HSD-utstilling og kafe på M/F Folgefonn 1, filmen «Då sjøen var vegen».

Hovudutstillinga vår i år er «Tett på kystkvardagen», ei utstilling av maritime bilete av Anders P. Wallevik. Han var aktiv som fotograf frå kring 1910. Samstundes var han gardbrukar og jakteskipper i Vallavik i Ulvik.. Utstillinga viser bilete av segling, fartøy, forlis, fiskekjøp langs kysten nordover og bruk av fjorden som ferdselsåre i Hardanger.

Forfattar Elisabet Wallevik Englestad, sonedotter til Anders P. Wallevik, har skrive biografi om bestefaren. Ho kjem til fartøyvernsenteret og fortel om han. Boka kjem ut i juni. Biletsamlinga etter Anders P. Wallevik er eigd av Hardanger folkemuseum og finst på Digitalt museum

http://www.digitaltmuseum.no/info/owners/HVM/ 

Programmet for sesongopninga er fullt av opplevingar, berre sjå her:

Kl 13.00 Opning av utstillinga «Tett på kystkvardagen», maritime bilete av Anders P. Wallevik 

  • Sesongopning, ordførar Asbjørn Tolo 
  • Konsert på hardingfele, Arngunn Timenes Bell 
  • Presentasjon av utstillinga, museumsleiar Heidi Richardson 
  • Om fotografen og mennesket Anders P. Wallevik, forfattar Elisabet Wallevik Engelstad 

Frå kl 12.00: Open båt på D/S Stord 1 m/ servering av suppe, open småbåtverkstad, leikebåtverkstad og andre aktivitetar for born.

Kl 14.30: Omvising på D/S Stord 1, fartøyvernkonsulent Åsmund Kristiansen fortel om restaureringa.

Kafe m/ sesongopningsmeny , HSD-utstilling og kafe på M/F Folgefonn 1, filmen «Då sjøen var vegen».

Velkomen til ein opplevingsrik dag på fartøyvernsenteret.

Fartøyvernsenteret er ope for publikum kl 10 - 17 kvar dag til 2. september