Norsk English

6. årstrinn i Kvam er ute og ror

Hardanger fartøyvernsenter

16.04.2012 09:00 til 04.05.2012 15:00

Eit like sikkert vårteikn som skrikande tjeld og grønkande bakkar, er at elevane på 6. årstrinn i skulane i Kvam kjem til fartøyvernsenteret for å ro. Opplegget er ein del av den kulturelle skulesekken.

Om lag 120 elevar fordelt på grupper på om lag 15 elevar og lærarar får ei historisk innføring i samferdsle og transport på sjøen. Den teoretiske delen er filmen «Då sjøen var vegen» der me får vita kor viktig sjøtransporten var heilt fram til dei siste tiåra.

Så får elevane gjort seg kjent robåten som har vore det viktigaste transportmiddelet dei siste 2000 åra. Alle delane i båten vert gjennomgått med namn og funksjon før elevane vert fordelte på færing, seksæring og åttæring og får seg ein frisk rotur slik ungar ved fjord og kyst har gjort i generasjonar.

Elevane møter ved fartøyvernsenteret kl 9.00 og opplegget varer i om lag 2,5 timar 

Onsdag 18. april: Steinsdalen skule og Vikøy-Aksnes skule

Torsdag 19. april: Ei gruppe frå Norheimsund,

Måndag 23. april: Ei gruppe frå Norheimsund og Tørvikbygd skule,

Onsdag 25. april: Ei gruppe frå Øystese

Torsdag 26. april Ålvik skule,

Onsdag 9. mai Ei gruppe frå Øystese

Torsdag 10. mai Strandebarm skule,

Fredag 11. mai Ei gruppe frå Øystese