Norsk English

Juletidsreise på Storeteigen

Storeholmen

11.12.2012 00:00 til 19.12.2012 00:00

Kvam bygdemuseum på Storeteigen i Øystese får vitjing av elevane på 4. årstrinn i barneskulen i Kvam dei to siste vekene før jul. Hardanger folkemuseum og Hardanger fartøyvernsenter som begge er ein del av Hardanger og Voss museum, ber inn til ei tidsreise der dei får vera med å førebu jul for 100 år sidan.

«Gardskona» fortel om juleførebuingar som slakting, ølbrygging, juletreskikken og om nissen og huldrefolk.

Ho legg vekt på å visa kor lite ungar og vaksne måtte greia seg med. Elevane får laga julegåver med vekt på ressursbruk. I eldhuset skal dei støypa ljos og i ei av stovene vert det spikking med kniv der dei lagar knaggar eller figurar i rått tre.