Norsk English

Hardanger Open 6. og 7. oktober

Hardanger fartøyvernsenter

06.10.2012 10:00 til 07.10.2012 17:00

Opning av Anne Hesvik og Maria Skeie sine utstillingar kl 12 laurdag 6. oktober.

Maleverkstad for born frå kl 11 -17 sundag 7. oktober med Anne Hesvik

 

Open kafe kl 11-17 laurdag og sundag

Anne Hesvik er biletkunstnar og har spesialisert seg på dekor på tre.
Maria Skeie er tekstilkunstnar og har jobba med tau.

Utstillingane og biletspel opne både laurdag og sundag.

Alle avdelingane ved Hardanger og Voss museum har kulturellt program denne sundagen i samarbeid med kunstnarorganisasjonene Hardingpuls.

Opne kunstnaratelier, galleri, museum, konsert, film, aktivitet og sal av frukt.

Publikum kan denne helga møta kunstnarane i Hardanger og treffa dei i ateliera deira, i galleria eller på musea kring i regionen. Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og Hardanger folkemuseum på Utne held ope med eigne aktivitetar for born og vaksne. På Hardanger Frukt- og Siderfestival i Øystese er det både kunstaktivitet og sal av hardangerfrukt.

Harding Puls og Hardanger og Voss Museum ynskjer alle velkomen til ein opplevingsrik rundtur i heile Hardanger. Kunsten og kulturen blømer og det er eplesesong og haustferie.

Meir info kjem på  www.hardingpuls.no  og i ein faldar som vert lagt ut rundt omkring i Hardanger.