Norsk English

KURS Reipslaging 17. - 18.juni

Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

17.06.2011 08:00 til 18.06.2011 16:00

Deltakarane vil læra seg å slå tau for hand.

Reiputstillinga på fartøyvernsenteret vil vera utgangspunkt for teoridelen. Ein lærer om ulike materialar som har vore brukt og utviklinga av reipslagingsteknikkar. Ein del av kurset tek føre kva dei enkelte taua både i teknikk og materialar er eigna til. Kurset høver for dei som ønskjer å bruka det til vidareformidling.
Deltakarane produserer hampegarn, slår tau og lagar apeneve. Målet er at alle kan få med seg ei kasteline.
Kurset går frå fredag 16. til laurdag ettermiddag 17. juni.
Kurset passar for mellom 5 til 10 deltakarar.
Prisen på kr 2400.- inkluderar materialar og lunsj kvar dag.

Etter kurset kan du nyte Hardanger trebåtfestival.