Norsk English

Juleverkstader på Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter

04.12.2011 00:00

Det var  juleverkstader med masse kjekt å laga rundt omkring på fartøyvernsenteret sundag 4. desember frå klokka 12 til 16. Besøkstalet gjekk kraftig opp frå i fjor. Det var skikkelig julestemning med snøføyke rundt novene. Mange glade og fornøyde familier gjekk heim i skumringa. 

Her kan du se video frå fjorårets juleverksted som Totto Olsen har lagd.

Lag pynt og gåver og kom i roleg, god stemning i verkstadane på Hardanger fartøyvernsenter. Me fylgjer opp gode tradisjonar og let ungar og vaksne kosa seg saman. På verkstadane får de god hjelp og instruksjon frå handverkarane våre.

De kan vera med på å laga leikebåtar og spikka i småbåtverkstaden, smiing av krokar i smia, rulla bivokslys og laga makrame, klippa og lima og ikkje minst peparkakebaking.

Stig Lundblad-Sandbakk skal ha song- og musikkverkstad kl 13.00 og 14.30. Det høver for ungar i alle aldrar. Stig er kjend gitarist og songar og har mellom anna turnert med "Heavykatten" i regi av Den kulturelle skulesekken. Han spelar også saman med Heidi Marie Vestrheim.

Kafeen er sjølvsagt open for dei som vil ta seg ein pust i bakken. Me serverer salt mat i tillegg til kakene våre.