Norsk English

Ny fagprøve

I 2017 er det fire lærlingar ved Hardanger fartøyvernsenter som skal ta fagprøve som trebåtbyggjar. Mads Dragsund var fyrstemann ut.

Mads Dragsund har fått godkjent fagprøve si båtbyggjarfaget. 

Oppgåva var å lage revisé på Fremad II. Revisé ver hogd i fasong og tilpassa. Revisé ligg oppå bjelkevegane og dekksbjelkane kviler oppå reviséet igjen. Det vert hogd spor i i dekksbjelkane som vert felt ned i reviséet.  Mads har også laga årar til ein strandebarmar.

Fagnemnda besto av Geir Øystein Djupevåg og Christian Djupevåg.

I dag har vi sendt ut utlysing på ny reipslagarlærling og ny lærling på storbåt. Småbåt må også ha ny lærlingi løpet av året. Her er det berre å følgje med.

Hardanger fartøyvernsenter har mange dyktige lærlinger og vektlegg å vera ei lærlingeverksemnd. Godt og ongt miljø får me og. Det er ein bonuseffekt.

Flere bilder

  • Revisé Mads Dragsund