Tett på

Gravemaskinane har starta opp den nye storsatsinga til Hardanger fartøyvernsenteret, som er steg to av "Tett på" prosjektet.  Sjøhuset skal verta nytt og hensiktsmessig inngangsparti for gjestane våre. Fyrste prioritet er å stoppe at bygget sig meir ut mot sjøren.

Steg 1 handla om å endre bruken av grunnetasjen huset frå båtutstilling til ny publikumsinngang.

Me rakk å opne fyrste steg i juni 2013. Samtidig med innviinga av den fantastiske strandvegen mellom HFS og Norheimsund sentrum ble utstillinga i sjøhuset tatt ned og fartøyvernsenteret sin inngang flytta til sjøhuset.Arbeidet den gang innebar primært å bygge bru over bekken og utvide kaia rundt huset. I sjølve huset blei det berre gjort mindre endringar. Det vart ikkje lagt inn isolasjon eller tilrettelagd for publikumsdrift i det bygget.

Steg 2 starta me opp med 2. januar. Det er meir omfattande og skal bla stoppe sig i grunnen, tette lekkasjar i taket og isolere grunnetasjen slik at den kan fungere som heilårsopen publikumsinngang. Aktivitetsbasen vil vera her med alle verkstadane for gjestane våre, reiperbana, knopeverkstaden, Mathilderommet og leikebåttverkstaden.Utleige av robåtane vil også skje her. Sommaren 2017 vil vi ha ein liten kafe her med bord og stoler ute på kaien med utsyn til fjorden, fjella, fonna og vernehama med alle båtane

Arbeidet blei prosjektert i 2016 som del av den nye visjonsplanen for utvikling av Hardanger Fartøyvernsenter. Ingeniørfirma H2 byggeteknikk AS har oppdraget med byggoppfølging og 22. desember signerte me kontrakt med byggefirma Neteland Bygg og betong AS om ei totalentreprise for prosjektet med ferdigstilling mai 2017, kostnadsramme NOK 4,9 mil. 2. januar 2017 starta arbeidet med å rive golv for tilkomst til spunterigg.

Flere bilder

  • Perspektivskisse Over bekken 2016
  • Skjæring av betonggolv
  • Golvet på vei ut