Norsk English

Nye spennade storprosjekt for fartøyvernsenteret

Hardanger fartøyvernsenter har fått to nye oppdrag, begge ledd i store satsingar i museumbransjen. Restaurering av hardangerjakta og ekspedisjonsskipet Gjøa og nordlandsjekta Anna Karoline skal skje frå hausten 2016 og fram mot mai 2018. 

Dei to oppdraga har ein verdi på omkring 15 mill. kroner og vil vera med å sikra sysselsetjing for fartøyvernsenteret sine handverkarar dei neste to åra.
Begge oppdraga skal skje der fartøya står, i Oslo (Frammuseet på Bygdøy) og Nordlandsmuseet (Bodøsjøen i Bodø).


Oppdraget på nordlandsjekta Anna Karoline går ut på dokumentasjon og planlegging, konservering og restaurering med mål om utstilling i Norsk jektefartsmuseum. Jekta Anna Karoline er i følgje Nordlandsmuseet verdas einaste bevarte Nordlandsjekt og rekna som ei nasjonalt ikon. Ho er bygd i 1876.

Hardangerjakta Gjøa er kjend som Roald Amundsen sitt ekspedisjonsfartøy, som det første gjennom Nordvestpassasjen. Fartøyet vart bygd av Knut Skaala i Rosendal, tinga av Nordlandsskipparen Asbjørn Sexe i 1872. Gjøa står no i museumsbygg bygd 2013, og er rigga opp av Hardanger fartøyvernsenter i 2014. Etter det kommande prosjektet er målet at Gjøa skrogmessig skal framstå slik ho gjorde under ferda gjennom Nordvestpassasjen. Innvendes og utvendes skrogforsterkningar vart fjerna under ei restaurering i USA i 1947, og desse skal no gjenskapast.

Begge dei to landsette fartøy har ei lang vernehistorie. Gjøa vart sett på land i 1909 etter at Amundsen sin ekspedisjon enda i San Fransisco, medan Anna Karoline har stått på land sidan 1959.

Les meir

 

http://nordlandsmuseet.no/se-planene-anna-karoline-norsk-jektefartsmuseum/

http://www.frammuseum.no/Visit-the-Museum/GJOA.aspx?lang=nn-NO

Flere bilder

  • Gjøa, dramatisk framstillt
  • Gjøa er på plass i museet med god hjelp av fartøyvernsenteret
  • Anna Karoline på land. Foto: Nordlandsmuseet
  • Anna Karoline i hus. Foto: Nordlandsmuseet