Norsk English

Hardanger trebåtfestival - Program

Årets høydepunkt på fartøyvernsenteret er utan tvil Hardanger trebåtfestival! Vi er klare til gje folk ei god oppleving og maritimt liv og historie her på fartøyvernsenteret. Maritime fagføredrag, aktivitetar ute og inne for store og små, sjørøvertokt og rotur til Vikøy går som vanleg. Dette er programpostar som folk er blitt glade i og forventar. Dei gjev god stemning på fartøyvernsenteret der tjærelukta vil blande seg med lukta av vaffler og styrkande suppe!

Ny satsing i år er konsert om bord på Folgefonn med Novgorod og pub! Vi gler oss til øvre dekk er pynta med signalflagg og kanskje segl og til fengande rytmer Under konserten kan du nyte musikken mens auget glir som snarast over fjorden, frå ferga Folgefonn til breen Folgefonn!

Trebåtfestivalen 2015, Program ved Hardanger fartøyvernsenter

Laurdag 13. juni

Klokka: 12:00
Åsmund Kristiansen, leiar ved fartøyvernavdelinga ved Hfs: Fartøyrestaurering frå A til Å. 

Klokka 13.00
Kristian Djupevåg, båtbyggjar og tidlegare leiar ved Djupevåg båtbyggeri: Stell og vedlikehald av trebåten. 

Klokka 13.00
Sjørøvartokt med Mathilde, avgang frå festialområdet i Grovet. Billettar kjøper du på www.ticketco.no 

Klokka 14.00
Ingunn Undrum, reipslagar ved Hfs: «Tau - så enkelt og så vanskeleg!» -Superkort innføring i repslagning 

Klokka 15.00
Peter Helland-Hansen, leiar ved småbåtavdelinga ved Hfs: Kyrkjebåttradisjonen i Hardanger.
Føredraget er Hardanger fartøyvernsenter sin markering av at vi er ein stoppestad i ERIH sin "Industriminnerute".

Klokka 15.00
Sjørøvartokt med Mathilde, avgang frå festivalområdet i Grovet. Billettar kjøper du på www.ticketco.no 

Klokka 22.00
Novgorod - Ellevill konsert og triveleg pub om bord i MF Folgefonn. Servering frå klokka 20.00. Billettar kjøper du på www.ticketco.no

"Fra leserinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk

Det er  på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er  på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker.Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og  valsene, verdens vakreste…

Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!"

Sundag 14. juni

Klokka 13:30
Kyrkjebåtferd til Vikøy

Vi ynskjer alle velkomen til ei feiande feiring av vår maritime verd med ny knopeverkstad!

Flere bilder

  • Novgorod