Norsk English

Hardanger og Voss museum kjøper ICA tomta.

Kvam herad og Hardanger og Voss museum (HVM) gjorde fredag 20. november avtale om at museet kjøper ICA-tomta i Norheimsund til utviklingsareal for Hardanger fartøyvernsenter. Kjøpesummen er kr 12,6 mill som svarer til Kvam herad si innløysing av tomta januar i år.

Tomta blei regulert til utviklingsareal for fartøyvernsenteret alt i 2006, og var utleigt til butikkdrift. Sommaren 2014 sa leigetakar opp avtalen på kort varsel og frå januar 2015 har bygget stått tomt. Hardanger og Voss museum jobbar no med eit visjonsprosjekt som skal styre utviklinga på fartøyvernsenteret dei komande 30 åra. Eigedomen er sentral i prosjektet og gir senteret moglegheiter for god drift og vidare utvikling av verftet og attraksjonen. 

Kjøpet av tomta viser at langsiktig utviklingsarbeid gir resultat og at Kvam herad står ved dei gode planane sine. Kvam herad si investering i Strandvegen styrkjer tettstadutviklinga og museet si satsing framover gjev effekt til glede for turistar og fastbuande. 

I forhandlingsmøtet fredag la ordførar og rådmann vekt på at utviklinga av  fartøyversenteret er viktig for kommunen og at dei jobber for å finne ei rask alternativ løysing for Kvam familie og læresenter. Hardanger og Voss museum har stor respekt for arbeidet i læresenteret og er trygg på at heradet finn gode løysingar for denne viktige tenesta. 

Fartøyvernsenteret vil raskt ta øvre del av bygget i bruk som nasjonalt delelager i tråd med Riksantikvaren sine føringar. Sjøenden av bygget skal opnast for publikum og myldre av liv og aktivitetar. Inn til permanente funksjonar er å plass, er senteret også opne for å gi tilgang til andre aktørar som kan skape aktivitet i bygget.

Flere bilder

  • Geir låser opp ICA bygget
  • Hfs toger til ICA
  • Skal ferga Folgefonn ligge her med fergelem?
  • snø