Norsk English

Hardanger fartøyvernsenter har utdanna sin fjerde reipslagar.

Hardanger fartøyvernsenter legg stor vekt på opplæring av nye fagfolk innan dei maritime handverka. Gleda var difor stor når Sarah Sjøgren, som den fjerde i rekka av reipslagarar, fullførte utdanninga si denne hausten.

Anja Hertzberg var den fyrste reipslageren som blei utdanna på fartøyvernsenteret. No kjem ho att som sensor når nye lærlingar skal opp til fagprøve. Ekstra kjekt er det at Sarah Sjøgren får svennebrev. Mange års jobbing for å få godkjent faget på nytt gav resultat i vinter. Reipslaging er igjen godkjent som fag og me gratulerer Sarah med svennebrevet.

Flere bilder

  • Lærlingen Sarah Sjøgren svarer på spørsmål frå sensoren Anja Hertzberg
  • Dei fire reipslagarane som alle er utdanna ved Hardanger fartøyvernsenter.
  • tre reipslagere, eit historisk foto