Norsk English

Velkomen til bokslepp av "Strandebarmaren"

Den 30. oktober kl 18 var det bokslepp i kafeen på Hardanger fartøyvernsenter. Forfatteren Peter Helland-Hansen auste av sin kunnskap og fiska opp smakebitar frå boka. Det var lang kø ved signeringsbordet.

På det meste vart det bygd 1300 strandebarmarar i året i Strandebarm, Hardanger, og mange har gode minne knytt til denne båttypen. I boka «Strandebarmaren» kjem me tett på båtbyggjarar som hugsar glansperioden i mellomkrigsåra, og me får vera med Peter Helland-Hansen når han byggjer ein ny båt. Her fylgjer me Peter frå han vel emne i skogen, strekkjer kjøl i verkstaden og fram til han sjøset den ferdige båten, med årar og segl. Han viser oss verkstaden, fortel om verktøy og historie og gjev gode råd om reparasjon og vedlikehald. 

I kapitlet Marknad og omsetnad gjev Atle Ove Martinussen oss eit blikk inn iden store suksessen strandebarmaren hadde i marknaden. Kvar tok nybygde båtar i tusental vegen? 

"Strandebarmaren" er rikt illustrert med 906 foto og 172 teikningar. Boka gjev ei god innføring for den som sjølv vil byggja båt - men ei bok kan ikkje stå for den fullstendige opplæringa. For båtbygging må lærast saman med nokon som kan det - og ikkje minst gjennom «å gjera». Eller som Peter seier det:

«Det er litt som å dansa. Før me kjem på golvet vert det liksom ikkje noko fart i det.»

Ynskjer du å kjøpe "Strandebarmaren" ta kontakt med fartoyvern@hvm.museum .no
Prisen er 499,-
Andre bøker finn du under museumsbutikken i menyen til venstre.
 

Flere bilder

  • Kø av bokjøparar som vil ha boka signert. Fotograf Signe Holst-Larsen
  • Peter og nokre av båtane ved fartøyvernsenteret
  • Strandebarmer, Håvard og Anders ror
  • barn i rongi
  • færinger
  • barnhage paa holmen