Norsk English

Mathilde har ledige veker/ dagar for skuleturar og leirskule.

Vi har ledige veker/dagar! Å segle ei veke med ei flott historisk skute som Mathilde er eit leirskuleopphald av dei sjeldne. Ei heil veke om bord og saman heile klassen gjer at ein vert samamsveisa. Det er eit minne for livet for alle.

Leirskulebrosjyre

Sjølv om vi har faste kundar/skoler som kjem igjen år etter år så har vi nokre ledige uker. Orienteringshefte og anna info/lenker finn du nederst på sida.
Ring oss på 56 55 33 50 om du lurer på noko, f.eks. når me har ledige veker.

Mannskapet
Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken står i høgsete er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Hos oss er det fem i mannskapet som sørgjer for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet på ei Hardangerjakt. Det er skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.

Vekesprogrammet
Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka. Derfor er ingen veke lik den andre om bord, sjølv om rutinane er dei same, og me har aktivitetar som me legg vekt på.

Tryggleik
Basis for alt om bord i Mathilde er sikkerheit. Den grunnleggjande haldninga er bærebjelka for tryggleiken om bord. Me lærer at sånt som skriking og vifting med armer ikkje skal brukast i utrengsmål. Det er viktig å lære regler slik at ein ungår å utsettja seg og andre for fare, og korleis me tek ansvar ikkje berre for oss sjølv, men også for kvarandre. Ingen klarer seg åleine til sjøs, felleskapet er viktig. Når me sørgjer for at  sikkerheiten ligg god i botnen, kan me leike og ha det kjekt med alt det andre!

Sjømannskap
Når skuta er i fart går elevane sjøvakter under kyndig leiing av mannskapet. Dei står utkikk, styrer og går sikkerhetsvakter. Dei lærar seg å bruke/lese vaktlister, og bli fortrulig med fordeling av arbeidsoppgaver. Det er stort å kjenne at no, no er eg med på å styre skuta.

Tauarbeid
Knop og spleis. Det er viktig å lære seg knop og stikk som gjer at ein kan handtera tau og fortøye ein båt på ein trygg måte. Kvar dag er ein ny knop landgangsprøve. Det er motiverande for læringa. Dei som ynskjer det får halde på med handarbeid i tau på fritida.

Segling og manøvrering
Den tradisjonelle norske råseilsriggen i kombinasjon med gaffelriggen utgjer seglgarderoben til Mathilde. Me lærar om og får prøve dei ulike segla. Aerodynamikken blir spanande. Elevane får prøve ut teorien dei har lært på morgonen i praksis når me går ut og seglar. Det vert setjing av segl, å snu skuta mot og medvinds og oppleve samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og kjenn kreftene ta tak. Det er herlig.

Navigasjon
Me starter med å lese kart, tolke navigasjonshjelpemidlane som lykter og stakar. Nokre klasser er vant med å lese kart. Då kjem me litt lengre i undervisninga. Det blir å leggje opp ein kurs for ein seilas der ein tek hensyn til navigasjonhjelpemidla me finn i leia.

Maritime livet
Me går tur i fjæra og ser på ulike strandsonar. Fangsten vår vert studert og artsbestemt. Det er kjekt når me får fram oppdagergleda hos elevane igjen, som det å løfte på ein stein og sjå mylderet av liv. Me må ikkje slutta med å undre oss.

Fiske
Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane. Med robåten vår set me garn som me trekker neste morgon. Me bruker litt tid på å vurdere fangsten. Korleis sto garnet når me fekk det me fekk (eller ikkje fekk). Me studerer fisken, og lærer om å håndtere den slik at det vert god matfisk for kokken vår.

Historie
Ein elev sto med såre og raude nevar ein regnværsdag etter å ha vore med og heist storseglet og sa: "Segla dei verkelig dette heile året i snø og? Det er eg glad for at eg slepp." Då tenkte skipparen at no har du skjønt noko du ikkje kunne ha lest deg til i ei bok. Elevane som går i land etter ei veke på Mathilde tek med seg litt respekt for karane som segla kysten vår og la grunnlaget for liv langs med kysten. Det er god ballast for vegen vidare å skjøne at det finns andre verdenar me ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt på dei.


Då håper me at me kan ynskje dykk velkommen ombord til ei kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke.

Lurer du på noko så ikkje nøl med å ta kontakt. Me har eit orienteringshefte me sender ut til klasser som vurderer å vere med oss.

Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka. Derfor er ingen veke lik den andre om bord, sjølv om rutinane er dei same, og me har aktivitetar som me legg vekt på.Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken står i høgsete er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Hos oss er det fem i mannskapet som sørgjer for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet på ei Hardangerjakt. Det er skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.
Skuta, livet om bord og handteringa av segl og skipet, er bærebjelken i opplegget. Samstundes nyttar me naturen og miljøet rundt oss til auka kunnskap. Me sett garn og ser på livet i fjæra. Besøk på museer som Baroniet i Rosendal er ein viktig del av opplegget. Når me kjem til ei hamn så tek me i bruk hamna, snakkar med folk, besøk det lokale museet og lærer litt om lokalsamfunna. 
Dei fleste leirskuleturane med Mathilde tek fem dager og starter på fartøyvernsenteret i Norheimsund, men me har og kortare turar. På måndagar kastar me loss, og legg ut på ei oppdagingsferd. Kvar kveld legg me til i ei ny hamn som kan vera med og fortelja ei spanande del av kystsoga vår.

Ta kontakt på 47 47 98 39 eller på info@fartoyvern.no om du lurer på noko

Flere bilder

  • Uranienborg skole; bading er godt selv om det er kaldt.
  • Uranienborg skole. Klassebilde om bord på Mathilde
  • På klyverbommen er det kjekt å være.
  • Klare til å entre riggen med sikkerhetsseler på.
  • Så blei det fisk  i dag og. Det er bra det smakar når den er sjølvfiska.
  • Bestmann Michael Riley underviser i navigasjon
  • Navigasjonsundervisning
  • unger kveiler