Norsk English

«Då sjøen var vegen» til eldre på institusjon

No på nyåret dreg Hardanger fartøyvernsenter på turne og viser biletspelet «Då sjøen var vegen» til eldre på institusjon  i Os, Fusa, Samnanger  og Kvam. Dette er resultat av eit interkommunalt samarbeid med støtte frå Den kulturelle spaserstokken.

Turneplanen ser slik ut: 

Os :          Luranetunet, måndag 27. januarkl 11.00
Fusa:     Fusa Bu- og behandlingsenter 20. februar kl 11.00
Samnanger:    Samnangerheimen, 6. mars kl 1100
Kvam:         dato ikkje fastlagt 

Formidlingsleiar Oddvar Soldal er med på turneen og etter framvisinga vert det tid for prat og forteljing om ferdsla på sjøen slik dei eldre hugsar det. 

Dei siste par åra har fartøyvernsenteret hatt fleire slike program på institusjonar i Kvam. Det har vorte gode samtalar i etterkant. Det viser seg at gamle bilete, filmar, melodiar og forteljingar får fram gode minne hos dei eldre. Når ein tek til å fortelja, fylgjer andre på. 

I «Då sjøen var vegen» fortel Gunnvald Wallevik (f. 1923) frå fjordagarden Vallevik i Ulvik. Ved hjelp mellom anna fotografi som faren, Anders P. Wallevik, har teke i ein 50 årsperiode frå om lag 1900, får me fylgja med på ei reise gjennom samferdselshistoria frå årar og segl, til damp og semidiesel og fram til landevegen overtok. 

Biletspelet vart laga av etnolog Randi Storaas i 2004.