Norsk English

Leirskulesesongen på Mathilde

No myldrar det av ivrige skuleelevar om bord på Mathilde.

Kvar tid har si sjarm. Det er kjekt når sommartokta startar og det er kjekt når skuleklassane igjen tek Mathilde i bruk på hausten. Vår gode leirskulelærar Saski er tilbake etter fødselspermisjonen sin. I september har vi ofte godt ver her i Hardanger, så vi håpar at klassane får mange fine dagar om bord, også når det gjeld veret. Ynskjer du meir info om leirskuleopphald på Mathilde ta kontakt med info@fartoyvern.no eller ring 47 47 98 39.

Flere bilder

  • Å studera sjøstjernar seier litt om livet.
  • Dagboka vert skreven på banjern etter ein dag på fjorden.
  • Middag på dekk er gode greier.
  • Det er kjekt å få lovå bruke hekksbåten og kjenne at ein meistrer å bruke den.
  • Høgt i riggen i kveldssol
  • Fender egner seg som badeball