Norsk English

Polsk-norsk samarbeid innan fartøyvern

Gleda ved Hardanger og Voss museum var stor då me nyleg fekk beskjed om at samarbeidsprosjektet mellom Riksantikvaren i Noreg, Polish Maritime Museum i Gdansk og Hardanger og Voss museum, har fått om lag ein million i stønad gjennom EØS- midlar.

Riksantikvaren har lagt ut info om samarbeidet.

Målet med prosjektet er å utveksle kunnskap og praksisar knytt til ivaretaking og formidling av materiell og immateriell kulturarv. Dette med utgangspunkt i lokale maritime tradisjonar. 

I løpet av dei to åra prosjektet varer skal mellom anna polske museumshandverkarar hospitera i verkstadane på Hardanger fartøyvernsenter, me skal byggja båt i lag, og saman formidla slikt arbeid på den internasjonale maritime festivalen i Rostock sumaren 2014. Museumshandverkarar skal også saman formidla båtbyggjarpraksisar ved The Polish Maritime museum i Gdansk si avdeling The Vistula Lagoon Museum in Katy Rybackie. Her skal me også kursa staben i bruk av segl og robåtar i formidlingssamanheng. Ut over dette skal me saman utvikla praksisorienterte undervisningsopplegg knytt til vår maritime kulturarv. Tanken er at desse undervisningsopplegga skal kunne nyttas ved musea både i Polen og Noreg. I regi av prosjektet skal me arrangera ein work-shop som set fokus på dokumentasjon av verneverdige fartøy. Det vert med andre ord mykje spanande samarbeid mellom Norske og Polske museumsfolk dei komande to åra. 

Det polske Maritime Museet i Gdansk er det største maritime museet i Polen. Museet har spisskompetanse knytt til undervassarkeologi, og har vært med på fleire store undervassarkeologiske utgravingar. Dei har store utstillingar knytt til dette fagområdet. Men museet har i tillegg fokus på fartøyvern og formidling av maritime tradisjonar av nyare dato. Dei eig og driftar fleire større fartøy og har avdelingar som har fokus på maritime handverkstradisjonar. Det er i samanheng med desse sist nemnde tema vårt samarbeidsprosjekt har sitt utgangspunkt. Me gler oss til å starta opp samarbeidet, og har trua på at dette prosjektarbeidet vil gje spanande og nyttige erfaringar for Hardanger og Voss museum. 

EØS-midlane 
EØS-midlane er Norge, Islands og Liechtenstein sitt bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Til saman 15 land i Europa får stønad til prosjekter innan områder som mellom anna miljøvern, folkehelse, forsking, kulturarv og kulturutveksling. Eit viktig mål er også styrka kontakt og samarbeid mellom europeiske nasjonar. I denne perioden er EØS-midlane på ca. 14.milliarder kroner.

Ti land har kulturutvekslingsprogrammer: Kulturrådet er med og utviklar programmer i Polen, Latvia, Litauen, Tsjekkia, Portugal, og Romania. Det er også kulturutvekslingsprogram i Bulgaria, Slovakia, Spania, Ungarn. Av dei ti landa som har kulturutvekslingsprogram, er det polske programmet desidert størst på ca. 75 millionar kroner (ca. 10 millionar euro). 

Opp mot 200 millionar kroner er satt av til prosjektsamarbeid på kulturutveksling. I løpet av året kommer det utlysningar av midlar i ti europeiske land. 

I dei fleste programma er eigenandelen på omlag 10 -15 prosent. Det er ein føresetnad at ein må ha med prosjektdeltakarar frå givarlanda Norge, Island eller Liechtenstein.

 

Flere bilder

  • Fartøy har alltid knytta folk og land saman.
  • Modell av fartøykonstruksjon
  • Det maritime museet
  • Båter bærer i seg tydelege spor av kulturutveksling